Gå til sidens hovedinnhold

Helsedirektøren fryktar uvanleg 17. mai-feiring også i år

17. mai-feiringa i fjor vart av det uvanlege slaget som følgje av koronaviruset. Helsedirektør Bjørn Guldvog fryktar at også årets markering kan bli avgrensa.

– Fram til no har eg håpa at vi kan få til ei feiring. Men med auka smitte og den nye virusmutasjonen blir det skapt ei uvisse som gjer det mindre sikkert om vi får det til, seier Guldvog til P4.

Sjølv om vaksinasjonen har starta, er det venta at ein må leve med pandemien i ei stund framover. Ifølgje Folkehelseinstituttets nylege risikorapport kan nordmenn «ikkje forvente normal livsutfolding det neste halvåret og kanskje ikke det neste året».

– Dersom desse vaksinane verkar mot både det originale koronaviruset og den nye, muterte varianten og vi får vaksinert folk i risikogruppene og helsepersonell, så er det sjanse for at vi kan ha nokre færre tiltak litt seinare i vår, seier helsedirektøren.

I 2020 vart nasjonaldagen feira med tunge koronarammer. Barnetoga var avlyste, men landet song felles nasjonalsong. Det vart arrangert båtkortesjar, og kongeparet vart køyrde gjennom Oslos gater i open bil.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken