Regjeringa bør sjå på strengare tiltak mot importsmitte, meiner Helsedirektoratet, og foreslår å nekte innreise for folk som bur i land med mykje smitte.

Helsedirektoratet meiner det framleis er utfordringar knytt til kor effektivt grensetiltaka verkar.

– Dette har medført at importsmitte framleis utgjer ei betydeleg utfordring for den nasjonale smittesituasjonen, heiter det i ei oppdatering av det faglege rådet frå direktoratet, som vart lagt fram måndag.

Helsedirektoratet tilrår at regjeringa raskt vurderer meir inngripande tiltak dersom dagens tiltak ikkje er effektive nok.

– Slike tiltak kan vere å nekte innreise for personar som har fast tilhald i land med svært høge smittetal i ein kortare periode, heiter det i tilrådinga.

– Sjølv om tiltaket kan belaste delar av næringslivet som er avhengig av utanlandsk arbeidskraft, vil det på sikt kunne gjere mogleg at dei generelle tiltaka som gjeld befolkninga kan lempast noko på, heiter det vidare.

(©NPK)