24 millionar skal få elevane til å springe meir

Forskingsprosjekt om elevar og fysisk aktivitet 
Geir Kåre resaland

Forskingsprosjekt om elevar og fysisk aktivitet Geir Kåre resaland Foto:

SKULE: Sogn og Fjordane har bidrege til prosjektet om meir fysisk aktivitet i skulen i 15 år. No skal resten av landet med.

DEL

– Dette er ei fjør i hatten for skulesystemet i Sogn og Fjordane. Eg må få skryte av skulemiljøet i fylket – det er utviklingsorientert og nytenkande, seier Geir Kåre Resaland, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet. Det skriv Firda.

Han står bak prosjektet «Active Smart Kids» (ASK), som har utvikla metodar for å la barna lære medan dei er i aktivitet, og forska på korleis det fungerer. Viss ein nyttar metodane rett, kan det ha god læringseffekt, fortel Resaland.

Forskingsprosjekt om elevar og fysisk aktivitet 
Turid Hatlem og Geir Kåre Resaland

Forskingsprosjekt om elevar og fysisk aktivitet Turid Hatlem og Geir Kåre Resaland Foto:

Det har dei 57 skulane i Sogn og Fjordane, som har samarbeida med Høgskulen, bidrege til å finne ut av. No skal resten av landet få ta del i prosjektet, gjennom opprettinga av senter for fysisk aktiv læring, som skal verte lagt til Fosshaugane Campus.

I to år har skulen brukt fysisk aktivitet i undervisninga – no blir dei lønna 

Ut til 100 skular

I fjor vart det fleirtal på Stortinget om å gje barn i 1–10. klasse éin time fysisk aktivitet på skulen kvar dag. Vedtaket om at regjeringa skal fremme ei stortingssak om dette vekte debatt. Resaland har vore borti at rektorar og lærarar er skeptiske til om ein kan få pressa ein time fysisk aktivitet inn i ein travel skulekvardag.

– Eg forstår skepsisen, difor må vi legge til rette for meir kompetanse i skulane og jobbe tett med dei, slik at vi får det til å fungere, seier Resaland.

Les også: Sprang seg flinkare i matematikk

Gjensidigestiftinga hadde òg tru på prosjektet. Stiftinga gjev Høgskulen 24 millionar kronar for å spreie kunnskapen dei har opparbeida seg gjennom samarbeid med skular i Sogn og Fjordane.

– Pengane gjer at vi kan tilsette 5–6 personar til å jobbe med nettopp utvikling av praksis i skulane, seier Resaland.

Målet er å få 100 skular sertifiserte og 1000 lærarar vidareutdanna i løpet av fem år, skriv Gjensidigestiftinga i ei pressemelding.

Matte i skulegarden

Tanken bak ASK-prosjektet er å gje lærarar verktøy til å kombinere fysisk aktivitet og læring.

– Vi flytter undervisninga ut i skulegarden. Læringa er viktigast, fysisk aktivitet er berre ein hyggeleg bieffekt, seier Resaland.

Han nemner arbeid med gongetabellen og algebra gjennom leik med mattebingofliser, og grammatikkstafett som nokre av metodane lærarane kan få hjelp til å ta i bruk av Høgskulens prosjekt.

Spring seg spreke og smarte 

Artikkeltags