– Helse blir ikkje prioritert i kommunane

En ny rapport viser at kommunene ikke satser nok på helse og omsorg.

En ny rapport viser at kommunene ikke satser nok på helse og omsorg. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Andelen eldre aukar, men kommunane satsar ikkje nok på helse og omsorg, viser ein ny nasjonal rapport.

DEL

– Eg forventar no at det blir satsa på å heve bemanning, kompetanse og kvalitet i den kommunale helse- og omsorgssektoren, seier Eli Gunhild By, forbundsleiar i Norsk Sykepleierforbund (NSF), til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

– Ingen satsing

I rapporten «Bemanning, kompetanse og kvalitet», som er utarbeidd av Menon Economics, vert det avslørt at kommunane ikkje har evna å satse tilstrekkeleg på helse- og omsorgssektoren – trass i både tiltak og reformar.

Norge står overfor store utfordringar når det gjeld den demografiske utviklinga i åra framover. Rapporten vert presenteres på Arendalsuka onsdag.

Vi mangler i dag nesten 6.000 sykepleiere og spesialsykepleiere, ifølge Nav.

Eli Gunhild By, leder i Norsk Sykepleierforbund

Med ei eldre og større befolkning der stadig fleire behandlingsløp vert flytta ut av sjukehusa, blir det også lagt eit større press på kommunane.

– Det har lenge vore sagt at vi skal ha ein økonomisk satsing på kommunane. Går vi inn i tala i denne rapporten, ser vi at veksten i dei lokale helsebudsjetta berre følger snittveksten i offentlege budsjettår. Det er inga satsing, hevdar forbundsleiaren.

Krev handling

Samhandlingsreformen som er blitt evaluert av Riksrevisjonen, har i liten grad ført til auka kapasitet i helse- og omsorgssektoren i kommunane, viser rapporten.

Saka held fram under bildet.

Kompetansen på same område er berre i avgrensa grad styrkt i møtet med fleire og meir krevjande pasientar. Nær halvpartane av kommunane oppgir dessutan at dei ikkje har nok sjukepleiarar.

– No må styresmaktene ta grep. Vi manglar i dag nesten 6.000 sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar, ifølge Nav, seier By.
Statistisk sentralbyrå (SSB) anslår at vi i 2035 vil mangle opp mot 30.000 sjukepleiarar og jordmødrer, påpeikar By.

Bedre rusta

Meon Economics meiner samfunnet må gjere følgande for å stå betre rusta i de kommunale helse- og omsorgstenestene i tida framover:

  • Redusere mangelen på arbeidskraft i den kommunale helse- og omsorgssektoren og styrke spesialkompetansen.
  • Redusere etterspurnaden etter helse- og omsorgstenester. Det må derfor satsast tyngre på førebyggjande helsetiltak, tidleg innsats og folkehelsetiltak.
     
  • Satse på teknologiske løysingar i helse- og omsorgssektoren. Slike løysingar kan lette arbeidet for helse- og omsorgsarbeidarane i kommunane.
  • Satse meir på tverrfaglighet og samkøyring av tenester. Forsking viser eintydig at organisering i større tverrfaglege sentrer gir meir effektiv utnyttelse av ressursar og kompetanse.

Store forskjellar

Sveinung Stensland, Høyres helsepolitiske talsperson på Stortinget, er ikkje overraska over avsløringane i rapporten. Den største utfordringa er forskjellane mellom kommunane, seier han.

– Dei beste må lære bort til de som ikkje er så gode. Kommunar som satsar på høg kompetanse og sørger for at folk står i yrket lenge, gjer mindre feil og har ein høgare standard, seier Stensland til ANB.

Ifølge Høyre-politikaren er primærhelsemeldinga frå 2015 gjennomsyrt av behovet for kompetanse og det å få kommunane opp på eit godt nok helse- og omsorgsnivå.

– Dette er noko vi har tatt tak i, men det er forskjellar mellom kommunane når det gjeld å trekke til seg kompetanse. Det handlar om politisk vilje og evne til å løfte helse i kommunebudsjetta, seier Stensland, som avviser at styresmaktene ikkje satsar økonomisk på kommunane.

– Faktum er et kommunane har mykje større overskot enn før, men ikkje alle tar innover seg kompetansebehovet for legar, sykepleiarar og helsefagarbeidarar, påpeikar han. (ANB)

Artikkeltags