Uroa over skade på Runar Hove

UITE MED SKADE: Stopparkjempen Runar Hove vart operert i desember, men ankalskaden er ikkje blitt betre.

UITE MED SKADE: Stopparkjempen Runar Hove vart operert i desember, men ankalskaden er ikkje blitt betre. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Runar Hove fekk kjenning med ein skade på tampen av sesongen i fjor. I desember gjennomførte dei ein kikholsoperasjon, men den har ikkje ført til betring.

DEL

– Det er ikkje blitt betre, så eg er litt uroa no, seier Runar Hove.

Skaden er i ankelen. Han klarer å springe og til dels spele ball, men langpasningar og taklingar fører til uuthaldelege smerter.

"Det verste er at vi ikkje veit kva det er"

Runar Hove, midtstoppar Florø Fotball

Legane på den medisinske klinikken Volvat i Bergen, meinte det måtte vere rift i eit leddband som hadde gjort noko med vevsstrukturen. At det var dette som var kjelda til smertene. Difor gjennomførte dei ein kikhols-operasjon i desember der dei «Vaska» leddbandet. Hove skulle etter planen vore på gang igjen no, men framleis kjenner han same smerter som før operasjonen og slik han opplevde det på tampen av sesongen i fjor.

Veit ikkje kva det er

– Det verste er at vi ikkje veit kva som er grunnen til smertene. No skal eg inn igjen på måndag å gjere ei ny utgreiing, så får vi sjå. Eg synest det er fortvilande, seier Hove som ivrar etter å komme i trening igjen. Runar Hove var absolutt ein av dei viktigaste spelarane til Florø i suksessesongen og ein spelar det blir vanskeleg for klubben å erstatte.

Trenar Terje Rognsø har nettopp fått laget i trening igjen. Snø og dårlege lysforhold har ikkje gjort oppstarten ideell, og med skaden på Runar Hove gjer ikkje situasjonen noko betre.

Laurdag og søndag reiser laget til Oslo der dei speler mot Lillestrøm i LSK-hallen laurdag, og mot HamKam søndagen. Nemnde Runar Hove er ute, det same er Vegar Gjermundstad som har fått fri. Simen Solheim og Kaddu Aton er heller ikkje tilgjengelege denne helga.

Testar spissar

– Vi får ei utfordring på stopparplass med Vegar og Runar ute, men vi kjem truleg til å sette backane inn i midten. André (Reksten) blir eine stopparen og Christer Husa eller Erlend Hove på den andre, konkluderer Rognsø.

To nye spissar skal også få prøve seg. Dette er Omar Fonstad som spelte for Lørenskog i fjor, og Monir Benmoussa som hadde på seg Fredrikstad-drakt i fjor.

– Eg legg ikkje så mykje i desse treningskampane. Det blir å sjå kvalitetar spelar for spelar og å få laget i gang. For meg er denne helga trening. Vi skal prøve litt forskjellige ting, og det viktigaste er at vi skal kunne henge med på tempoet og nivået vi no skal opp på, avsluttar Rognsø.

Artikkeltags