2017 kan bli eit nytt rekordår for sjukdom etter flåttsmitte

Foto: Vegard Grøtt/NTB Scanpix

Foto: Vegard Grøtt/NTB Scanpix Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Tal registrerte tilfelle av alvorleg borreliose etter flåttbit er førebels 430 for 2017. Det er fleire enn i rekordåret 2015.

DEL

I 2015 blei det registrert 426 tilfelle av den flåttborne sjukdommen Lyme borreliose, der borreliabakteriar spreier seg til organ og vev i kroppen. I 2016 var det 409 tilfelle. Talet for 2017 er førebels 430 og kan ifølge Meldingssystem for smittsomme sykdommer (MSIS) bli endra. Det er det høgste talet registrert sidan dagens meldingskriterier blei innførte i 1995.

Flåttsenteret ved Sørlandet sykehus har tidlegare uttala at det er vanskeleg å seie om det dreiar seg om ein reell auke i tal tilfelle i Norge, men at tal frå Sverige indikerer ein auke dei siste åra.

Avdeling for smittevern, miljø og helse ved Folkehelseinstituttet (FHI) har karakterisert auken dei siste åra som for liten til å kunne hevde at det er snakk om ein aukande trend. Tredoblingen i tal tilfelle sidan 1995 er det fleire moglege årsaker til: Ifølge FHI er faktorar som auka mediemerksemd, auka medvit hos legar rundt sjukdommen, auka medvit i befolkninga, endring av diagnostiske prosedyrer, i tillegg til ein reell auke i tal tilfelle, medverkande til auke.

Blant dei som blir bitne av flått får rundt 2 prosent bitt som fører til sjukdom. Berre rundt 10 prosent av desse tilfella utviklar seg til ein meir alvorleg borreliose, ifølge Flåttsenteret.

Det har vore debatt og diskusjonar rundt diagnose og behandling av borreliose i Norge, og begrep vert ulikt definert i ulike miljø.

Borreliose

 Er den vanlegaste flåttborne sjukdommen i Norge, også kalla Lymes sjukdom eller Lyme borreliose.

* Skuldast ei gruppe bakteriar som heiter Borrelia-bakteriar, som kan smitte både dyr og menneske.

* Risiko for å bli smitta og sjuk ved bit er rundt 2 prosent.

* Om lag 90 prosent, rundt 7.000 nordmenn kvart år, får berre ein lokal hudinfeksjon, eit raudleg utslett som veks utover flåttbitet.

* Hos 10 prosent av dei som blir sjuke, spreier bakterien seg i kroppen.

* Ubehandla borreliose kan gi kronisk infeksjonssjukdom, som særleg kan påverke hud, nervesystem, hjarte og ledd.

* Diagnosen vert mellom anna basert på funn av antistoff i kroppen. Utfordringa er at antistoff vert danna sakte og i ulik grad hos ulike personar.

* Prøver kan gi feil utslag tidleg i forløpet, anten ved at antistoff ikkje har blitt ferdig danna, eller at antistoff frå tidlegare infeksjonar framleis kan vere til stades, og gi falskt positive svar.

* Nokre er såkalla seronegative og kan ha infeksjon utan å teste positivt på prøver, det vil seie at dei er falsk negative.

* Borreliose vert behandla med antibiotika. I dei tidlege stadia av sjukdommen vil antibiotikabehandling verke lækjande.

* Tal registrerte tilfelle av systemisk borreliose er tredobla i Norge sidan 1995, året då dagens meldingskriterier blei innførte.

* For 2017 er det altså registrert 430 tilfelle - fleire enn tidlegare år - men endeleg tal er ikkje klart før i mars, og skal deretter kvalitetssikrast.

Artikkeltags