Meir bråk i vente: No startar den store ambulansesparinga

AMBULANSESTRID: Ein slik båt, stasjonert i Solund, skal erstatte den stasjonerte ambulansebåten i Askvoll. Øyfolket i Værlandet og Bulandet fnyste.

AMBULANSESTRID: Ein slik båt, stasjonert i Solund, skal erstatte den stasjonerte ambulansebåten i Askvoll. Øyfolket i Værlandet og Bulandet fnyste. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

HELSE: Spetakkelet rundt ambulanseomlegginga i Askvoll var ein forsmak. No startar Helse Førde ein ambulansegjennomgang som vil gjelde heile fylket. Kostnadane må ned med kanskje opptil 30 millionar kroner.

DEL

Startskotet for den nye prosessen kjem under eit styremøte i helseføretaket 6. juni. Der vil styret går ut med ein invitasjon til kommunane om å bli med i avvegingane om kva som må gjerast med ambulansetenesta for å tilpasse den til dei pengane ein har til rådvelde, og i avvegingane rundt kor store rammene for dei prehospitale tenestene skal vere.

Situasjonen i dag er at Helse Førde får 139 millionar kroner i året frå Helse Vest til drifta av ambulansetenesta. Det er 5,5 millionar kroner mindre enn dagens ambulansebudsjett. Men i prognosen for 2017 aukar kostnaden til 152 millionar kroner, og gapet mellom det ein får og det ein treng, aukar til rundt åtte millionar kroner. Det melder Firda.

Pengar og tryggleiksbehov

Oppgraderer Helse Førde ambulansetenesta si innanfor dagens modell, med avvikling av heimevakt, ny båt i område sør, husleigejusteringar og medisinsk rådgjevar, viser reknestykket ein driftskostnad på 152 millionar kroner. Då handlar det om eit sprik på 30 millionar kroner mellom det Helse Førde treng til ambulansedrifta, og det helseføretaket får til å drive ambulansene.

Og som fleire styremedlemer peika på, då striden rasa rundt ambulanseomlegginga i Askvoll i november i fjor: Di fleire millionar kroner ein legg inn i kostnadsgapet i i ambulansetenesta, di mindre blir det til andre viktige ting sjukehusa driv med, som til dømes kreftbehandling eller sjukehustilbod til born.

Samstundes viser røynslene frå Askvoll at nettopp ambulansetenestene set kjensler og engasjement i sving, fordi folk opplever at endringar der noko blir flytta eller teke bort går direkte på den einskilde sin grunnleggande tryggleik. Er det noko styret i helseføretaket no er budd på, så er det at det blir uro, spetakkel og protestar, og at kvar kommune vil kjempe for for det dei har. Helse Førde kjem til å snakke om robuste einingar med kompetent personell som er godt trente gjennom mange oppdrag. Innbyggarar og ordførarar kjem til å snakke som Askvoll-ordførar Frida Melvær (H) gjorde i fjor haust: Om behovet for nærleik til ambulansetenestene, også i grisgrendte strok.

Naudsynt

Men slik helseføretaket ser det, har både økonomiske rammevilkår, endra kommunikasjonar og den demografiske utviklinga gjort det naudsynt med ein ny ambulanseprosess.

Signalet om den store ambulansegjennomgangen vart gitt allereie i samband med vedtaket om Askvoll-omlegginga. No ser administrasjonen i Helse Førde føre seg at ein ny plan for ambulanstenesta skal ligg føre til styremøtet 30. juni. Tanken er at det skal leggast fram fleire alternative modellar innanfor ulike økonomiske rammer.

Artikkeltags