Helse Førde har starta ungdomsråd – og vil lærer av Frida (28)

RÅDET: Fv. Kamilla Fauske Rivedal (17), Lisa Horpen (16), Frida Galaasen (28), Petter Ratvik, Gunhild Falkevik og Glenn Tore Kimsås (23). Sunniva Leivdal var ikkje til stades då bildet vart tatt. – Om ein har ting ein meiner ungdomsrådet bør ta tak i, er det berre å komme med innspel. Ein treng ikkje vere medlem for å gjere det, seier Kimsås.

RÅDET: Fv. Kamilla Fauske Rivedal (17), Lisa Horpen (16), Frida Galaasen (28), Petter Ratvik, Gunhild Falkevik og Glenn Tore Kimsås (23). Sunniva Leivdal var ikkje til stades då bildet vart tatt. – Om ein har ting ein meiner ungdomsrådet bør ta tak i, er det berre å komme med innspel. Ein treng ikkje vere medlem for å gjere det, seier Kimsås. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HELSE: I haust vart det første ungdomsrådet til Helse Førde skipa. Dei skal jobbe for at unge får eit best mogleg opphald på sentralsjukehuset.

DEL

– No er vi fem, men vi skulle gjerne vore dobbelt så mange. Så det er berre å melde seg om ein ønskjer å vere med, seier miljøterapeut og koordinator, Petter Ratvik, til Firda.

Saman med Gunhild Falkevik er Ratvik koordinatorar for rådet. Per no er det fem ungdommar i alderen 16 til 28 som er med, og alle har erfaringar frå helsevesenet anten som pasient eller pårørande.

Skal gje råd

I 2015 tok Helse Førde kontakt med Ungdomspolitisk utval (UPU) i fylket og spurde om dei kunne vere interesserte i å bidra til arbeidet med å opprette eit ungdomsråd knytt til sentralsjukehuset.

Bakgrunnen for at Helse Førde tok kontakt, var fordi barneavdelinga vurderer å heve aldersgrensa ved avdelinga frå 16 til 18 år. Ein ønskjer å samarbeide tettare med ungdom om korleis legge best mogleg til rette for unge pasientar i overgangen mellom barn og vaksen.

Fleire sjukehus har allereie eit ungdomsråd, mellom anna Akershus Universitetssjukehus. Dei jobbar mellom anna for å gje konkrete råd for betring av tenester til ungdom og dele si erfaring som brukarar til nytte for anna ungdom.

– Må betre kommunikasjonen

Frida Galaasen (28) frå Bremanger har hatt mykje med Helse Førde å gjere sidan ho var lita. Ho har venta lenge på at helseføretaket skulle starte eit ungdomsråd.

– Å seie ifrå at ein ikkje er fornøgd er ein terskel når du er ung. Eg ønskjer at ein kan lære av barneavdelinga og betre kommunikasjonen mellom avdelingane. Slik at legen flyttar seg til pasienten og ikkje omvendt slik det er no, seier ho.

Petter Ratvik, miljøkoordinator og koordinator for Helse Førde sitt ungdomsråd.

Petter Ratvik, miljøkoordinator og koordinator for Helse Førde sitt ungdomsråd. Foto:

Kamilla Fauske Rivedal (17) og Lisa Horpen (16) kom begge med i rådet gjennom UPU, men har også eigne erfaringar med helsevesenet. Horpen synest spesielt at overgangen frå å bli rekna som vaksen på sjukehuset har vore vanskeleg.

– Eg har ein kronisk sjukdom. På barneavdelinga følte eg meg sett og høyrt, men no føler eg at eg ikkje får skikkeleg svar på når eg kjem til å bli frisk. Eg må spørje mykje sjølv, elles får eg ikkje vite noko. Legane brukar også mange fagord som eg synest er vanskeleg å forstå, fortel Horpen.

– Eg har ingen negative opplevingar med legar som pårørande. Det er viktig med positive erfaringar også, men ein må ha noko å strekke seg etter, for alle legar er ikkje like, seier Fauske Rivedal.

Glenn Tore Kimsås (23) har skeiv rygg og har vore på sentralsjukehuset i ein lengre periode. Han synest at det gjekk for lang tid før sjukepleiarane kom når han bad om hjelp.

– Ein gong gjekk eg tom for morfin. Då gjekk det ein halvtime frå eg trekte i snora til nokon kom og fiksa det. I mellomtida måtte eg ligge og høyre på ein irriterande pipelyd. Dette må bli betre, meiner han.

Vil ha eit ungdomsrom

I løpet av eit år er det lagt opp til at ungdomsrådet til Helse Førde skal ha seks møte.

Eitt av tiltaka ungdomsrådet ønskjer å få etablert er eit ungdomsrom på sjukehuset, slik at unge kan få møte andre i same situasjon.

– Dette skal vere eit rom der ungdommane kan møtast og snakke utan vaksne, fortel Kimsås.

– Ja, ein stad som hjelper på motivasjonen for å komme seg ut av senga, legg Galaasen til.

Artikkeltags