Tilløp til dramatikk, då Helse Førde vedtok innsparing dei tilsette meiner ikkje går

PROTESTERTE: Tilsetterepresentantane meiner innsparingstiltaka på sikt vil føre til at funksjonen som sentralsjukehus blir truga. F.v. Hans Jacob Westbye, Arthur Norevik, Wenche Røkenes og Randi Aven.

PROTESTERTE: Tilsetterepresentantane meiner innsparingstiltaka på sikt vil føre til at funksjonen som sentralsjukehus blir truga. F.v. Hans Jacob Westbye, Arthur Norevik, Wenche Røkenes og Randi Aven. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Tilsetterepresentantane ville røyste mot innsparingsbudsjettet i Helse Førde-styret, men gav seg etter press frå fleirtalet.

DEL

Seks føretaksoppnemnde styremedlemer stod mot fire tilsetterepresentantar, og Helse Førdes omstridde sparebudsjett heldt på å bli vedteke med eit naudskrik og knapt fleirtal, då siste ord skulle seiast i styret fredag.

Tilsetterepresentantane ville først ikkje røyste for budsjettet, og møtte sterke reaksjonar frå styrefleirtalet, der m.a. Reidar Sandal hevda at dette kunne skade den planlagde utbygginga ved FSS. Det melder Firda.

– Det kviler eit ansvar på oss for å få eit ansvarleg budsjett. Det vil vere sensasjonelt, dersom eit føretak med 2500 tilsette går inn i eit år utan gyldig budsjettvedtak, sa Sandal til tilsetterepresentantane.

Pause og kompromiss

Etter pause og kompromissamtaler gjekk tilsetterepresentantane til slutt med på å røyste for budsjettet dei også – etter at dei hadde fått inn eit eige punkt der styret strekar under risikoen som ligg i budsjettet – både når det gjeld helse, miljø og tryggleik for dei tilsette, og risikoen for tenestetilbodet og for det økonomiske resultatet. Tilsetterepresentantane fekk også resten av styret med på å be administrerande direktør følgje konsekvensane av innsparingstiltaka nøye, særleg med tanke på helse og arbeidsmiljø for tilsette, og at det tenestetilbodet er forsvarleg.

I tillegg kom dei med ein protokolltilførsel der dei m.a. hevdar at budsjettframlegget er tufta på feilaktige premissar. Tilsetterepresentantane meiner det no vedtekne budsjettet vil få konsekvensar som på sikt fører til at sentralsjukehusfunksjonen er truga.

Dei vedtekne innsparingstiltaka kuttar 30–40 årsverk ved sjukehusa og andre behandlingseiningar, og skal frigjere 50 millionar kroner som helseføretaket treng for å finansiere den planlagde moderniseringa og utbygginga i Førde. Behovet for moderniseringa var eit avgjerande argument hos heile styrefleirtalet som pressa gjennom vedtaket:

– Tek vi no til å stille spørsmål ved investeringar, og slik gjer at vi kjem i bakleksa, kan vi inspirere til ein debatt om helseføretaket vårt leverer godt nok, sa Reidar Sandal i debatten.

Urolege tilsette

Det økonomiske utgangspunktet har betra seg, i tida som har gått sidan prognosane tidlegare i haust tilsa eit innsparingsbehov på meir enn 100 millionar kroner. Spareopplegget har likevel skapt stor uro medan det har blitt greidd ut. Mange tilsette reknar med at dei har ein kvardag i vente der det handlar om å springe endå raskare og ha endå knappare tid til å ta seg av pasientane. Samstundes strekar leiarar som har vore med på å lage budsjettframlegget under at mange av sparetiltaka kanskje ikkje vil fungere.

– Risikoen er høg, sa klinikkdirektør Olav Hesjedal då han presenterte innsparingsopplegget for ei av dei største einingane, medisinsk klinikk.

Der skal bemanninga reelt takast ned med 14 personar: sekretærar, pleiarar, ein fysioterapeut og ein del legar. Deler av dette nedtaket handlar om å la stillingar der ein ikkje har greidd å rekruttere, bli ståande tomme. Eit gjennomgåande prinsipp, både hos medisinsk klinikk og andre stadar, er at dyr innleige og dyre vikariat skal erstattast av å ha folk i faste stillingar. All nedbemanning skal skje gjennom naturleg avgang.

Medisinsk klinikk reduserer mellom anna ved radiologisk avdeling. Kommunehelsetenesta klagar allereie klagar over at ventetidene der er lange.

Artikkeltags