Går av som direktør i Helse Førde

Jon Bolstad går av som direktør i Helse Førde.

Jon Bolstad går av som direktør i Helse Førde. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

FYLKET: Jon Bolstad gir seg som direktør i Helse Førde etter 13 år. Han går no til ny jobb som administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest.

DEL

– Eg kan stadfeste at Jon Bolstad går av, seier kommunikasjonsdirektør Terje Ulvedal i Helse Førde til Firda.

Bolstad er tilsett i ei ny stilling som administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest.

– Det er ein jobb han har søkt seg til, og takka ja til sjølv, seier Ulvedal til Firda.

Går av etter 13 år

Klokka 13.29 tysdag, melder Helse Førde om Bolstad sin avgang i ei pressemelding.

Der blir det klart at Bolstad har hatt tittelen som administrerande direktør i helseføretaket i 13 år.

– Å sitje som toppleiar i ei og same verksemd over så lang tid er krevjande, og på eitt eller anna tidspunkt skal andre ta over. Helse Førde har store oppgåver framfor seg. Eg tenkjer at det kan løne seg at nye auge ser på korleis oppgåvene skal løysast, seier Jon Bolstad i pressemeldinga.

Styreleiar Agnes Landstad i Helse Førde skildrar Bolstad som ein framsynt og utviklingsorientert leiar som har arbeidd for å betre kvaliteten på helsetenestene til innbyggarane.

– Jon Bolstad har fått til mykje, og det har tidvis vore krevjande. Eg har full forståing for at han har søkt nye arbeidsoppgåver og vil takke han for innsatsen i Helse Førde, seier Landstad.

Konfliktsak

Bolstads avgang kjem etter ein langvarig konflikt i helseføretaket, som starta med ei varslarsak som vart kjent i september i fjor. Misnøya starta med viseadministrerande direktør Vidar Vie, og utvikla seg vidare til mistillit mot leiinga i Helse Førde. Mellom anna kom fleire tillitsvalde med sterk kritikk, og det vart gjennomført ei ekstern gransking av helseføretaket.

Les også: No hevdar legane at Bolstad-kritikarane fryktar for framtida si i Helse Førde, Lege-tillitsvalde skuldar Bolstad for å straffe kritikarar og Frustrerte seksjonsleiarar bad Helse Vest gripe inn. Svaret: Helse Førde får ordne tillitskrisa si sjølv

Vestlandets største farmasifaglege miljø

Bolstads nye arbeidsgjevar, Sjukehusapoteka Vest, er det største farmasifaglege miljøet på Vestlandet med ein årleg omsetnad på om lag ein milliard kroner.

Les også: Dei tek Bolstad i forsvar: Ser ikkje massiv mistillit blant dei sjukehustilsette

– Sjukehusapoteka Vest er ei nytenkande verksemd. Dei satsar på nye teknologiske løysningar og tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betre kvalitet og meir effektive tenester til sjukehusa. Eg ser fram til å leie denne utviklinga vidare, seier Bolstad i pressemeldinga.

Firda har forsøkt å komme i kontakt med både Bolstad og styreleiar i Helse Førde, Agnes Landstad, utan å lukkast.

Artikkeltags