Stua pasientdrosja full - dialysepasient byrja å blø

Dialyse. Illustrasjonsfoto.

Dialyse. Illustrasjonsfoto.

Artikkelen er over 2 år gammel

Pasienten måtte halde trykk på armen sin for å unngå ei større blødning.

DEL

Ein pasient som tre dagar kvar veke reiser til dialyse på sjukehuset, skulle reise heim etter ei behandling. Men Helse Førde stua drosja full, og pasienten fekk blødning i armen som følger av press frå medpassasjerar i baksetet.

Helse Førde omtalar sjølv hendinga i sin rapport om alvorlege hendingar for desember månad, såkalla "3-3 meldingar om uønskte hendingar", som dei er pålagte å opplyse om etter Lov om spesialisthelsetenesta. Meldinga vart ikkje offentleggjort før nyleg.

Tok på enda ein pasient

Pasienten reiste frå sjukehuset i ei drosje, saman med ein annan pasient med følgje. Det gjekk greitt eit stykke, med halvvegs heim tok drosja på endå ein pasient, som skulle vere med eit lite stykke. Det blei då tre vaksne personar i baksetet, og det vart trongt.

- Pasienten som hadde fått dialyse, begynte å blø frå armen av presset frå medpassasjerane. Pasienten måtte då heile tida trykkje på armen for å hindre bløding resten av turen, skriv Helse Førde i avviksmeldinga.

Pasientar med nedsett funksjon av nyrene, kan trenge dialyse for å reinske blodet for avfallsstoff og væske. Pasientar som treng dialyse, har ein tilgang til ein blodåre operert inn på underarmen, ein «AV-fistel» som dialysen vert utført gjennom. Pasienten må vanlegvis gjennom slik dialyse tre dagar i veka, og kvar behandling tek tre til fire timar.

- Dette er altså ei pasientgruppe som reiser mykje, og som treng ein viss grad av komfort under reisa. Bløding frå «AV-fistelen» kan oppstå ved ytre påverknad. Pasienten var klar over dette, og måtte sjølv trykke på armen for å stoppe blødinga, skriv helseføretaket.

Skal berre vere to

Som hovudregel skal det ikkje vere meir enn to personar i baksetet på ein drosje heim frå sjukehuset.
Det blei likevel avtalt at ein ekstra pasient kunne vere med delar av turen, då han berre skulle vere med eit lite stykke av ruta.

Helse Førde har hatt ein gjennomgang av saka. Dei slår fast at Pasientreiser må sikre tilstrekkeleg plass til alle pasientgrupper, og at Pasientreiser må ta omsyn til dei behov pasientane måtte ha.

Pasienttryggingsutvalet (PTU) har også vurdert saka:

- Pasientar som reiser til dialyse tre gonger i veka, treng tilfredstillande tilhøve under reisa. Desse pasientane har ofte dårleg helse, og dei brukar mange timar kvar veke i drosje, påpeikar dei.

- Helse Førde har ikkje pasienten i fokus

LHL i Sogn og Fjordane reagerer på korleis helseføretaket utfører pasienttransporten.

- Vi er kjend med at ein dialysepasient byrja å blø i drosja på veg heim, fordi for mange pasientar vart stua inn i baksetet på ei drosje. Dette går på tryggleiken laus, meiner foreninga.

Dei har laga ein eigen resolusjon om temaet, som vart vedteke på årsmøtet nyleg, med tittelen "Pasienten i fokus?".

- LHL Sogn og Fjordane reagerer sterkt på episodar med pasientreiser som startar klokka 05.15 for ein legetime klokka 09.00 – ei reise som er to timar lengre enn normal reisetid, står det også å lese i resolusjonen.

Avdelingsleiar ved pasientreiser, Vidar Øvrebø, har tidlegare uttalt at dette er innanfor den nasjonale standarden.

- LHL Sogn og Fjordane meiner det blir for enkelt av avdelingsleiar Vidar Øvrebø å påpeike at dette er innanfor standarden. I staden bør han heller utfordre denne standarden til det beste for pasientane, skriv LHL.

LHL Sogn og Fjordane har i tillegg fått opplyst at sjukehusbussane ikkje lenger skal ha følgepersonar.

- Pasientar må vente på fjellovergang både om sommaren og vinteren for å komme seg på sjukehusbussen frå Nordfjord. Følgepersonane på bussane har hatt kompetanse på førstehjelp og har bidrege med praktiske gjeremål for pasientane. Når denne følgepersonen ikkje lenger er med sjukehusbussen, vil mange pasientar føle seg endå meir utrygge. Dette er ikkje å ha pasienten i fokus!, slår LHL fast.

Artikkeltags