Ambulansestrukturen blir som i dag - i alle fall neste år

IKKJE ENDRINGAR: Ambulansetenesta, både for båt og bil blir ikkje endra neste år. Men i løpet av 2018 kjem framlegga til endring.

IKKJE ENDRINGAR: Ambulansetenesta, både for båt og bil blir ikkje endra neste år. Men i løpet av 2018 kjem framlegga til endring. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

HELSE: I løpet av 2018 kjem det framlegg om ny ambulansestruktur i Helse Førde.

DEL

– Ei breitt samansett prosjektgruppe skal i løpet av 2018 komme med framlegg til ny ambulansestruktur i Helse Førde. Medan dette arbeidet går føre seg skal det ikkje gjerast vesentlege endringar på området, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Budsjettframlegget for 2018 er no klart, og der står det at ambulansestrukturen skal» i liten grad endrast». Fot å unngå det som blir kalla omfattande kutt blir ramma til kirurgisk klinikk føreslegen styrka med 16,5 millionar kroner i 2018.

Blir justeringar

Styrkinga gjeld for ambulansedrifta i 2018. Når framlegget frå prosjektgruppa er klart og har blitt handsama i styret i Helse Førde, vil dette medføre at kostnadene og ramma til kirurgisk klinikk skal justerast i tråd med vedtaket.

– Vi er heilt avhengige av å få til ein open og tillitsfull dialog med kommunane i fylket slik at vi kan einast om dei primære ansvarsområda i den akuttmedisinske kjeda. Vi må så godt råd er sikre jamn og god kommunikasjon om prosjektet til tilsette, kommunar, eigar og folk i fylket, seier Trine Hunskår Vingsnes, direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde og leiar for prosjektgruppa, til Firda.

Prosjektgruppa har 16 medlemmer. Den er sett saman av fagfolk frå Helse Førde, fem representantar frå kommunane, tillitsvalde og ein brukarrepresentant. I tillegg er det utnemnt ei referansegruppe på ni personar.

Ro rundt ambulansetenesta

Med dette budsjettframlegget vil ein sikre ro rundt ambulansedrifta og dei prehospitale tenestene i Helse Førde medan prosjektgruppa arbeider.

– Målet med arbeidet er å sikre innbyggarane i Sogn og Fjordane gode tenester, og å legge til rette for eit vidare godt samarbeid mellom helseføretaket og kommunane om den akuttmedisinske kjeda, skriv Helse Førde.

Det prehospitale området i Helse Førde omfattar bil –#8211; og båtambulanseteneste, AMK i Førde samt medisinsk ansvar for luftambulansen i Førde og redningshelikopteret i Florø. Kommunane har ansvar for å drive legevaktsentralar og legevakt. På dagtid er det fastlegane som yter øyeblikkeleg hjelp.

Dei siste ti åra har ambulansedrifta her i fylket hatt sterkare kostnadsvekst enn Helse Førde samla har hatt. Dette gjeld særleg innanfor bilambulansetenesta, som ikkje lenger har heimevakter, men vakter på stasjonane.

Artikkeltags