Dei det gjeld vil få brev frå Helse Førde, men det er krevjande å finne alle, skriv helseføretaket i ei pressemelding.

Lista over aktuelle pasientar er omfattande, og det er difor vanskeleg å sikre at alle aktuelle pasientar blir identifiserte av Helse Førde. Dei ber derfor om at pasientar som er omfatta av lista til Folkehelseinstituttet, men som ikkje mottar brev frå Helse Førde, tar kontakt med legekontoret i sin kommune.

Skal settast i kommunen

Til dømes gjeld dette pasientar som nyttar følgande medikament:

• Prednisolon, 20 mg eller meir dagleg, med varigheit lenger enn ein månad

• Metotreksat (Meterex, Methotrexat, Ebetrex)

• Azatioprin (Imurel)

Unntak er pasientar i pågåande kreftbehandling som vil få innkallingsbrev ved neste kontakt med kreftavdelinga.

Digipost eller vanleg post

Regjeringa har avgjort å tilby ein tredje dose koronavaksine til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar. Spesialisthelsetenesta har fått ansvar for å identifisere dei som skal ha tilbod om tredje dose, men vaksinen skal settast i regi av helsetenesta i heimkommunen til pasienten. Pasientar som får brev må ta kontakt med helsetenesta i kommunen for å få ytterlegare informasjon om sjølve vaksinasjonsprosessen.

Begge mRNA-vaksinene (Comirnaty/BioNTech-Pfizer og Spikrvax/Moderna) kan nyttast, uavhengig av kva vaksine som blei gitt som første og andre dose. Intervallet mellom andre og tredje dose skal vere minimum fire veker.

Helse Førde sender altså ut brev til pasientar som blir tilbydd tredje dose. Brevet blir sendt digitalt til dei som nyttar Digipost. Det går ut om lag 1200 brev via Digipost. Utsendinga startar i veke 39, og alle bør ha fått brevet i løpet av veke 40. Dei som ikkje nyttar Digipost, får brevet i papirformat som vanleg post.

Fullstendig oversikt over pasientgrupper, inkludert liste over aktuelle immundempande medisinar som gjer tredje dose nødvendig, er å finne på nettsidene til Folkehelseinstituttet: Enklere tilgang til 3. dose for personar med nedsett immunforsvar - FHI.