Helse Førde reduserer aktiviteten og innfører tilgangskontroll

MØTT I DØRA: Om du kjem til Førde sentralsjukehus eller eitt av dei andre sjukehusa i Helse Førde blir du frå fredag av møtt i døra av personell som sjekkar om du har time, og om du er frisk.

MØTT I DØRA: Om du kjem til Førde sentralsjukehus eller eitt av dei andre sjukehusa i Helse Førde blir du frå fredag av møtt i døra av personell som sjekkar om du har time, og om du er frisk. Foto:

Helse Førde innfører tilgangskontroll ved hovudinngangane til alle sjukehusa sine frå og med fredag.

DEL

(Firda) Samtidig kuttar føretaket i planlagt aktivitet, slik at dei som har time på sjukehuset kan oppleve at denne må utsetjast i tid.

På grunn av utviklinga i situasjonen rundt koronaviruset vil pasientar eller pårørande i spesialisthelsetenesta oppleve merkbare endringar i vekene som kjem, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Må ha nok personell til å behandle dei sjukaste

I dagane og vekene framover vil Helse Førde sjå på kvar enkelt sjukehustime og pasient, og gjere ei individuell vurdering av hastegraden for behandlinga. Basert på dette vil mange av dei timane og behandlingane som er planlagde, kunne bli utsette i tid – der dette er medisinsk forsvarleg.

– Grunnen til at vi gjer dette er at vi må sørge for nok personell til å behandle dei mest alvorleg sjuke. Vi treng også tida til å øve på, planlegge og legge til rette for ein situasjon der vi kan få mange smitta inn i sjukehusa våre, skriv Helse Førde i pressemeldinga.

Tilgangskontroll

Alle som har eit ærend ved sjukehusa i Helse Førde, anten det er som pasient, pårørande eller anna, vil no oppleve endringar når dei kjem fram til institusjonen. Ved hovudinngangane vil dei møte personell som sjekkar om ein har avtale og vurderer smitterisiko. Dei som ikkje har time, eller vert vurdert til å ha smitterisiko, vert avviste.

Helsedirektoratet har avgjort at alle personar som har risiko for å vere smitta, skal avvisast frå alle landets helseinstitusjonar. Det er først og fremst personar med luftvegsinfeksjon om utgjer smitterisiko, og som dermed kan bli nekta tilgang.

Unormal situasjon

– I Helse Førde forstår vi at desse unormalt strenge restriksjonane kan verke framande for mange og skape vanskar og heft for den enkelte. Men for oss er dette livsviktige, heilt naudsynte tiltak for å hindre spreiing av smitte i sjukehusa våre. Vi ber om forståing for at dette er naudsynt, og er takksame overfor publikum og pasientar som er tolmodige og viser forståing for situasjonen vi er oppe i.

Artikkeltags