Helse Førde melder om to nye smittetilfelle
Også laurdag kom det melding om nye korona-smitta i Helse Førde sitt dekningsområde.
Laurdag 7. november kom det to nye positive koronaprøver i Helse Førde, av totalt 119 analyserte prøver.
Dei siste vekene er det kun ein dag der det ikkje har vore meldt om nye koronatilfelle. Fredag var det seks positive koronatestar, torsdag tre, og onsdag også seks positive.
Hittil i november er det meldt om fem koronatilfelle i Kinn, dei fleste av dei er familien til dei koronasmitta søskena i Storevatn barnehage, i tillegg er det smitte hos isolerte leigearbeidarar frå Aust-Europa. Kommunen har kontroll på smittevegane, og det skal ikkje vere sirkulerande smitte i kommunen.
Kommentarer til denne saken