Gå til sidens hovedinnhold

Helse Førde innfører beredskap på grunn av RS-viruset

Fem barn er innlagde ved RS-virus.

FIRDA: Fredag valde Helse Førde å innføre grøn beredskap på sjukehusa. Dette er på grunn av auken i luftvegssjukdommar.

Dette skriv dei i ei pressemelding.

Det er no fem barn innlagde med RS-virus, men dei utelukkar ikkje at det vil auke.

Grøn beredskap er det lågaste beredskapsnivået, men inneber likevel ein situasjonen som krev auka merksemd med trong for ekstraordinære ressursar og tiltak.

Helseføretaket skriv at så langt har alle barn med RS-virus blitt behandla ved barne- og ungdomsavdelinga, men dersom pågangen tek seg opp er det lagt planar for å ta i bruk senger og rom ved andre avdelingar. Om det skjer kan planlagd verksemd kan også bli utsette.

Kommentarer til denne saken