Helse Førde har analysert 130 korona-prøver

Dei to siste dagane har Helse Førde kun analysert 171 korona-prøver totalt.

DEL

Dei siste vekene har Helse Førde analysert mellom 200 og 400 prøver kvar dag, og dei fleste dagane har det vore positive korona-testar.

Dei to siste dagane, søndag og måndag, har helseføretaket analysert totalt 171 prøver. 41 søndag og 130 måndag. Ingen av desse var positive, og dermed er det to dagar på rad utan nye koronatilfeller i helseføretaket sitt dekningsområde.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken