Gå til sidens hovedinnhold

Helse Førde: Bruk eigen bil om du kan

Busstreiken i kombinasjon med Covid-19 gjer at det kan vere vanskeleg å skaffe nok drosjer for dei som treng transport til sjukehuset. Helse Førde oppmodar no folk til å bruke eigen bil om dei kan.

I enkelte område er det no problem med å skaffe nok drosjer, som eit resultat av kombinasjonen covid-19 og busstreik. Pasientreiser oppfordrar brukarar til å køyre eigen bil eller bli køyrt til behandling.

Det skriv Helse Førde i ein pressemelding.

Eit vilkår for å få dekka drosje på trafikalt grunnlag er at det ikkje er rutegåande transport på strekninga, noko som blir ekstra aktuelt i tider med buss-streik. I slike tilfelle kan brukarane få dekka drosje eller bruk av eigen bil. Hugs at reisa i tillegg må vere over ti kilometer.

No i koronavirusutbrotet så får alle dekka bil med tilleggsutgifter på reiser over ti kilometer.

Pasientreiser prioriterer medisinske turar til spesialisthelsetenesta og ØH-turar inn til primærhelsetenesta. I enkelte område er det kapasitetsutfordringar på grunn av covid-19, noko som gjer at pasientreiser i nokre tilfelle ikkje klarer å skaffe nok drosjer.

Du kan lese meir om rettigheitsendringa og korleis du kan søke om dekning av utgifter i ettertid her: Les om rettigheitsendringa.

Kommentarer til denne saken