Helse Førde aukar beredskapen – bur seg på storinnrykk av koronapasientar

ORIENTERING: Arve Varden orienterte torsdag pressa om korleis Helse Førde bur seg på korona-situasjonen. – Eg ser med høgste alvor på situasjonen, seier sjukehusdirektøren.

ORIENTERING: Arve Varden orienterte torsdag pressa om korleis Helse Førde bur seg på korona-situasjonen. – Eg ser med høgste alvor på situasjonen, seier sjukehusdirektøren. Foto:

Framleis er ingen koronapasient lagt inn ved Førde sentralsjukehus. Men Helse Førde bur seg no på at situasjonen kan endre seg dramatisk.

DEL

FIRDA: Torsdag innførte helseføretaket grøn beredskap og sette i gang førebuingar for å ta imot eit stort innrykk av koronapasientar ved Førde Sentralsjukehus, når denne situasjonen venteleg vil oppstå.

Samstundes blir det lagt ned klare avgrensingar for tilgangen til sjukehuset. Pasientar får no berre ta imot ein besøkande og innlagde ved kvinneklinikken får berre besøk av partnar.

Det vert også sett iverk tiltak som avgrensar bruken av kantina. Mellom anna blir det no ikkje lenger ståande buffear framme.

– Høgste alvor

– Eg ser med høgste alvor på situasjonen, seier Helse Førdes administrerande direktør Arve Varden til Firda.

– Vi gjer no alt vi kan for å vere så godt budde som mogleg når pasientane kjem, seier Varden, som orienterte pressa om situasjonen torsdag føremiddag.

– Grøn beredskap som vi no har innført betyr ein beredskap der vi bur oss på det som vil kome, seier Varden.

Ifølgje Hesle Førde-sjefen samlast beredskapsleiinga no kvar morgon. Det er dialog med kommunane Lærdal og Stadt, der lokalsjukehusa ligg, for mellom anna å sikre at lokalsjukehusa vil komme til å fungere i eit mogleg korona-scenario.

– Utan lokalsjukehusa vil sentralsjukehuset bryte saman dersom pågangen av koronapasientar blir vi slik vi i verste fall ser føre oss, seier Varden.

Ser på personellsituasjonen

Helse Førde er også i full gang med å planlegge korleis dei skal sikre å ha nok personell dersom situasjonen blir verkeleg alvorleg.

Føretaket kartlegg no alle vikarar og deltidsstillingar og bur seg også på å nytte tidlegare medarbeidar til å ta seg av pasientane.

Det vert også planlagt omorganiseringar i sjukehusbygget. Mellom anna å tømme den eine korridoren i pasienthotellet, og å flytte kreftsengeposten ned dit, for å frigjere plass i åttande etasje til koronapasientar.

– Vidare ser vi på korleis vi skal organisere intensivavdelinga. Truleg vil vi ta ned den planlagde operasjonsverksemda, seier Varden.

Ifølge direktøren har Helse Førde organiseringa på plass for å kunne ta imot den første koronapasienten, når vedkommande måtte kome.

Utfordringa er korleis situasjonen blir dersom pasientstraumen blir stor og kjem brått.

– Vi kan berre planlegge eit visst stykke framover. Eg håpar dette dreg ut i tid, om pågangen kjem. Får vi heile trykket på ein gong, blir det krevjande, seier Varden.

Artikkeltags