Gå til sidens hovedinnhold

Helse Førde: 67 nye tilfelle av koronasmitte tysdag

Tysdag blei det analysert 211 prøver ved laboratoriet til Helse Førde. 67 av dei viste seg å vere positive.

Måndag var tilsvarande tal 5 positive av 11 analyserte prøver.

Når det gjeld innlagde pasientar med stadfesta covid-19-smitte er talet framleis tre. To av dei ligg på intensivavdelinga, og ein av desse pasientane er i respirator.

Det er til no fire pasientar som har døydd med covid-19 i Helse Førde sidan pandemien starta..

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøver som dei har tatt. Dermed kan prøver bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Mange testar seg også no berre ved hjelp av hurtigtestar. Det vil såleis vere mørketal, men tal positive prøver frå Helse Førde viser likevel over tid ein trend.

Siste veke har dette vore tala på smitta frå Helse Førde sitt laboratorium:

  • Onsdag 22. desember: 122 analyserte prøver, 20 positive
  • Torsdag 23. desember: 193 anayserte prøver, 26 positive
  • Fredag 24. - 26. desember: 51 analyserte prøver, 13 positive
  • Laurdag 25. desember: 62 analyserte prøver, 9 positive
  • Søndag 26. desember: 20 analyserte prøver, 9 positive
  • Måndag 27. desember: 11 analyserte prøver, 5 positive
  • Tysdag 28. desember: 211 analyserte prøver, 67 positive

Kommentarer til denne saken