Gå til sidens hovedinnhold

Helse Førde: 51 nye smittetilfelle i helga

Helse Førde rapporterer om nye tilfelle av koronasmitte dagleg, unntatt i helgene. Resultatat frå fredag til og med søndag blir samla opp og rapportert på måndagane.

Denne helga har laboratoriet til Helse Førde analysert 180 prøver, og funne covid-19-smitte i 51 av dei.

Totalt i førre veke fann Helse Førde 210 positive prøver, av totalt 777 analyserte.

Det vil seie at 27 prosent av prøvene dei har analysert den veka har vore positive.

  • Fredag 31. desember - søndag 2. januar: 150 analyserte prøver, 39 positive
  • Måndag 3. januar: 69 analyserte prøver, 11 positive
  • Tysdag 4. januar: 248 analyserte prøver, 94 positive
  • Onsdag 5. januar: 145 analyserte prøver, 31 positive
  • Torsdag 6. januar: 135 analyserte prøver, 23 positive
  • Fredag 7. - søndag 9. januar: 180 analyserte prøver, 51 positive

Som alltid er det viktig å understreke at kommunane i Helse Førde sitt område sjølv bestemmer kvar dei ønskjer å sende sine koronaprøver. Dermed kan prøver bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Mange testar seg også no berre ved hjelp av hurtigtestar. Det vil såleis vere mørketal, men tal positive prøver frå Helse Førde viser likevel over tid ein trend.

Måndag er det tre innlagde pasientar med stadfesta covid-19-smitte hos Helse Førde. Ein av dei er på intensivavdelinga, men ingen er for tida i respirator.

Kommentarer til denne saken