Helse Førde rapporterer at dei analyserte 87 prøver ved sitt laboratorium onsdag. Over halvparten, 47 av prøvene, var positive.

Onsdag 5. januar: 145 analyserte prøver, 31 positive

Torsdag 6. januar: 135 analyserte prøver, 23 positive

Fredag 7. - søndag 9. januar: 180 analyserte prøver, 51 positive

Måndag 10. januar: 15 analyserte prøver, 6 positive

Tysdag 11. januar: 301 analyserte prøver, 126 positive

Onsdag 12. januar: 87 analyserte prøver, 47 positive

Som vanleg legg dei til grunn at det vil vere mørketal, men tal positive prøver frå Helse Førde viser likevel over tid ein trend.

Det er onsdag berre ein pasient som er innlagd med med stadfesta covid-19-smitte. Vedkommande ligg på intensivavdelinga og får behandling i respirator.