Gå til sidens hovedinnhold

Helse Førde: 31 positive prøver siste døgn

Den daglege rapporten frå Helse Førde sitt laboratorium viser at tale på positive prøver er lågare enn dagen før. Så har dei også analysert færre prøver.

Onsdag blei det analysert 145 prøver, og dei fann korona-smitte i 31 av dei.

Den siste veka har rapportane frå Helse Førde sett slik ut:

  • Onsdag 29. desember: 120 analyserte prøver, 43 positive
  • Torsdag 30. desember: 142 analyserte prøver, 37 positive
  • Fredag 31. desember - søndag 2. januar: 150 analyserte prøver, 39 positive
  • Måndag 3. januar: 69 analyserte prøver, 11 positive
  • Tysdag 4. januar: 248 analyserte prøver, 94 positive
  • Onsdag 5. januar: 145 analyserte prøver, 31 positive

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøver som dei har tatt. Dermed kan prøver bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Mange testar seg også no berre ved hjelp av hurtigtestar. Det vil såleis vere mørketal, men tal positive prøver frå Helse Førde viser likevel over tid ein trend.

Torsdag er det fire pasientar som er innlagd med stadfesta covid-19-smitte. Det er same tal som i går. Ein av pasientane ligg på intensivavdelinga, og er i respirator.

Kommentarer til denne saken