Gå til sidens hovedinnhold

Helse Førde: 23 nye smitta siste døgn

Etter at dei fann 94 positive prøver på tysdag, har tala gått nedover på onsdag og torsdag. I går analyserte laboratoriet til Helse Førde 135 prøver, og fann 23 positive.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøver som dei har tatt. Dermed kan prøver bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Mange testar seg også no berre ved hjelp av hurtigtestar. Det vil såleis vere mørketal, men tal positive prøver frå Helse Førde viser likevel over tid ein trend.

Legg vi godvilja til er det kanskje lov til å håpe at trenden no er i ferd med å flate ut?

Her er tala frå Helse Førde dei siste dagane:

  • Torsdag 30. desember: 142 analyserte prøver, 37 positive
  • Fredag 31. desember - søndag 2. januar: 150 analyserte prøver, 39 positive
  • Måndag 3. januar: 69 analyserte prøver, 11 positive
  • Tysdag 4. januar: 248 analyserte prøver, 94 positive
  • Onsdag 5. januar: 145 analyserte prøver, 31 positive
  • Torsdag 6. januar: 135 analyserte prøver, 23 positive

Det er fire pasientar som er innlagd med stadfesta covid-19-smitte. Ein av dei er på intensivavdelinga og ligg i respirator.

Kommentarer til denne saken