Helse Førde rapporterer at dei analyserte 301 prøver ved sitt laboraatorium tysdag. Heile 126 av dei var positive.

Måndag analyserte dei berre 15 prøver. Seks av dei testa positivt for covid-19.

  • Tysdag 4. januar: 248 analyserte prøver, 94 positive
  • Onsdag 5. januar: 145 analyserte prøver, 31 positive
  • Torsdag 6. januar: 135 analyserte prøver, 23 positive
  • Fredag 7. - søndag 9. januar: 180 analyserte prøver, 51 positive
  • Måndag 10. januar: 15 analyserte prøver, 6 positive
  • Tysdag 11. januar: 301 analyserte prøver, 126 positive

Som vanleg legg dei til grunn at det vil vere mørketal, men tal positive prøver frå Helse Førde viser likevel over tid ein trend.

Det er tysdag to pasientar som er innlagd med med stadfesta covid-19-smitte. Ein av dei ligg på intensivavdelinga og får behandling i respirator.

Også i Kinn er talet på smitta aukande, slik denne grafen viser. I Bremanger er det framleis relativt lite påvist smitte.