Gå til sidens hovedinnhold

Helse Førde: 11 av 69 prøver var positive

Måndag analyserte laboratoriet til Helse Førde 69 prøver, på jakt etter koronavirus. Det fann dei i 11 av prøvene.

Frå måndag til måndag har Helse Førde no analysert 703 prøver. Av dei har 202 vore positive.

Tysdag er det tre pasientar som er innlagd med stadfesa covid-19 i Helse Førde. Ein av dei er på intensivavdelinga, og ligg i respirator.

  • Måndag 27. desember: 11 analyserte prøver, 5 positive
  • Tysdag 28. desember: 211 analyserte prøver, 67 positive
  • Onsdag 29. desember: 120 analyserte prøver, 43 positive
  • Torsdag 30. desember: 142 analyserte prøver, 37 positive
  • Fredag 31. desember - søndag 2. januar: 150 analyserte prøver, 39 positive
  • Måndag 3. januar: 69 analyserte prøver, 11 positive

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøver som dei har tatt. Dermed kan prøver bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Mange testar seg også no berre ved hjelp av hurtigtestar. Det vil såleis vere mørketal, men tal positive prøver frå Helse Førde viser likevel over tid ein trend.

Kommentarer til denne saken