Gå til sidens hovedinnhold

Heliumpatron i MR-maskin på sjukehuset eksploderte

(Firda)

Klokka 16.08 fredag ettermiddag melde 110-sentralen om røytkutvikling i ved Førde sentralsjukehus.

Nokre minutt seinare kunne Politi vest informere om at det er snakk om ein eksplosjon og påfølgande røykutvikling ved Førde sentralsjukehus, men at det ikkje er meldt om skadde eller evakuerte.

Seinare presiserer dei at hendinga er udramatisk. Det viser seg at ein heliumpatron i ei MR-maskin har gått av, men at sjukehuset skal ha hatt gode tryggingssystem som har fanga opp dette. Det er difor ingen som har blitt skadde. Både brannvesen og politi avsluttar på staden.