Vêret skapar trøbbel – nordsjøarbeidarar kjem seg ikkje på jobb

Av

Helikoptertrafikken til og frå Nordsjøen står.

DEL

Frå Florø er det berre avgangen til Gjøa som har gått som normalt, ifølge heliport.no. Avgangane til Visund, Snorre A og B og Transocean er alle forseinka.

Årsaka til problema er dei dårlege vêrmeldingane, melder Firda.

– På grunn av vêret må ein rekne med forseinkingar utover dagen. Passasjerar blir likevel bedne om å møte opp til ordinær tid for innsjekk, opplyser Equinor.

Morten Eek i Equinor seier onsdag ettermiddag til BT at alle flygingar til og frå plattformane i Nordsjøen er kansellert. 

Meteorologane melder at det skal bli ein skikkeleg ruskete ettermiddag med kraftige byger, lyn og torden. 

- På grunn av lyn og torden er 35 av 36 flygingane frå Bergen til og frå sokkelen kansellert. No har eg fått melding om at tåka sig innover, seier Eek til BT.

I Florø er det 75 personar som ventar på å komme seg på jobb, og 75 personar som skal heim frå plattformane. 

- Viss det er flyvêr torsdag så vil det bli sett opp betydeleg med ekstra flygingar, seier Eek. 


Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags