Gå til sidens hovedinnhold

Helge Aasen held fram som Elkems konsernsjef

Helge Aasen har vore fungerande konsernsjef i metall- og materialprodusenten Elkem sidan i sommar. No held han fram som sjefen i selskapet.

Aasen var konsernsjefen i selskapet frå 2009 til 2019, og eit einstemmig styre har sagt ja til at han no held fram med å styre selskapet.

– Helge kjenner selskapet betre enn dei fleste og er den beste kandidaten til å sikre gode leveransar i den kommande perioden samtidig som vi òg utviklar selskapet i tråd med strategien vår, seier styreformann Hao Zhigang.

Michael Koenig, som byrja som konsernsjef i Elkem i 2019, slutta på dagen 30. juni i år.

Elkem er ein av dei leiande produsentane i verda av silisium og silikonprodukt. Selskapet har 6.800 tilsette verda over. Kinesiske China National Bluestar er største eigar, men selskapet har hovudkontor i Oslo og er notert på Oslo Børs.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken