17. mai er den dagen då tradisjon står sterkare enn elles. Og ut i frå vêr-prognosane ser det ut som det blir ein spesielt flott nasjonaldag i år.
07.00 Salutt og morgonprosjesjon
17. mai startar som alltid med salutt. Frå Rota kjem det tre kraftige drønn. Ein tydeleg påminnar på at det er på tide å komme seg opp og inn i finstasen.
Skal du velge eit år å oppdage "7-toget" , som det blir kalla på folkemunne, så er det i år. 17.-maikomiteen oppmodar borgarar av Florø spesielt å stille til morgonsprosesjonen i år, for per no ser det ut som vêrgudane spelar på lag. Det skal også påpeikast at Florø Hornmusikk er 130 år i år. Jubilanten har eit omfattande program under årets nasjonaldag, og dagen startar med morgonprosesjonen.
"Ein fantastisk start på dagen! Ingenting er flottare enn å gå i byens gater og nyte soloppgang over fjella i aust, nyutsprungen bjørk, norske flagg og hornmusikk!" skriv 17. mai-komiteen i årets program.
Morgonprosesjonen er ein fantastisk start på dagen! Ingenting er flottare enn å gå i byens gater og nyte soloppgang over fjella i aust, nyutsprungen bjørk, norske flagg og hornmusikk!
17. mai-komiteen i Florø om sjutoget
07.30: Ina Martine Brendø er konfransier på Torget. Hornmusikken speler "Sang for Florø" før Hilmar Eliasson held ord for dagen. Deretter speler Hornmusikken "Ja vi elsker".
09.00 Oppstilling til barnetoget
09.30: Salutt, Florø Hornmusikk speler 1.- og 7. vers på "Ja vi elsker".
Som alltid ender barnetoget opp i kyrkjeparken. Parken vil nok framstå lysare og finare enn på lenge, sidan det har vore gjort eit godt stykke arbeid på nordsida av Lilleåsen med å fjerne skog og plante til.
Dina Bovim er konfransier ved minnestøtta for dei falne. Florø Hornmusikk speler "Gud signe vårt dyre fedreland" før det blir kransepålegging av Florø skytterlag, Idrettsrådet og Flora Musikkråd.
Ordførarkandidat for Kinn SV, Marie Øverås Jensen skal halde talen ved minnestøtta i år.
10.00: Havglytt opner dørene, arrangement i regi av Florø Pensjonistlag
11.00 Gudsteneste, Høgtidsgudsteneste i Florø kyrkje
12.00 Siri Helle og Inge Reksten underheld på Flora omsorgssenter
Arrangement på skulane
Florø barneskole
10.30-13.30: Barneleikar på skoleplassen på Florø barneskole. Det er femteklassane ved skulen som alltid har ansvaret for arrangementet 17. mai.
Florø Skoles Musikkorps speler på skuleplassen klokka 11.00.
Krokane skule
11.45: Krokanetoget: Floraskulen Brassband fører an.
12.30: Barneleikar på Krokane skule. Her blir det song ved 4. klassingane, tale for dagen ved avgangselevane i 7. klasse og drilloppvisning ved Florø Drill.
Torvmyrane skule
12.45: Song ved 3. klasse og tale ved 7. klasse. Floraskulen Brassband og Florø Drill deltek på arrangementet.
NB: å grunn av ombygging av skulen blir det ikkje arrangement ved Brandsøy skule i år.
Gratis kino og mannskor
13.00: Disney-filmen "Bolt" blir presentert gratis i kinosalen.
15.00: Timen før borgertoget, er det byens mannskor, Gammen, som skal halde sin etterkvart tradisjonsrike konsert på Rådhusplassen.
15.00 Siri Helle og Inge Reksten underheld på Furuhaugane omsorgssenter
Borgertoget
16.00: Oppstilling ved Florø barneskole. Florø Hornmusikk speler 1. og 7. vers av "Ja vi elsker" før flaggborga marsjerer vestover Hans Blomgata. Alle dei tre korpsa pluss Florø Drill er med i Borgertoget i år.
Borgertoget ender opp ved Florø stadion der Florø Hornmusikk speler 1. og 7. vers av nasjonasongen på nytt. Thor Albrektsen er konfransier og det er ordførar Ola Teigen som skal halde tale for dagen.
Årets russepresident, Solveig Knapstad skal deretter halde sin tale. Her blir det utdeling av dei kommunale prisane og Florø Sanitetsforening deler ut prisen etter "Blås Grønt"-aksjonen som tradisjon tru er natt til 17. mai.