Heggheim påpeikar i interjuv med NRK at vi ikkje har fått dei midlane som han meiner var lovde. Men er ikkje dette ei tolking over kva Heggheim meinte vi ville få etter samanslåinga? Vi frå Sp reiste strek tvil om dette frå dag ein og vi hevda at Kinn kommune ville verte eit stort tapsprosjekt.

Dette vart vi nærmast latterleggjorde av både han og dei som var tilhengarar av denne samanslåinga, verken Heggheim, Teigen, Iversen , Maurstad og Hagen var villige til å være realistar.

Felles for alle disse var at dei flaut på ei rosa sky over kor stort og flott alt skulle verte. Eg huskar godt at Edvard Iversen under fakkeltoget i Måløy i forkant om vedtaket om å halde folkeavstemming, sa fyljande: « her er det tydelegvis behov for vaksenopplæring av folk som ikkje forstår sitt eige beste» kva var det vi som var motstandarar ikkje forstod?

Heggheim og tilhengarane påstod at vi ville få 15mill ekstra i 15år= 225 million kr. i perioden, dette sa både Bjarne Jensen og vi var feil, så er det disse pengane som han etterlyser så har dei heller aldri eksistert.

Så var det disse 20,4 + 20,4 mill. kr. Som Fellesnemnda fekk til rådvelde + 4 mill til infrastrukturtiltak. Dette vart både av Heggheim og fleire framstilt som ekstra inntekter utan utgifter.

Bjarne Jensen professor i kommuneøkonomi, sa både i Florø og i Måløy at dette var feil framstilt, men også han vart nærmast latterleggjort.

Men dersom Heggheim meiner at stortinget har vedteke dette slik han skreiv i eit innlegg, så er det no berre å gå til regjeringa og slå stortingsvedtaket i borde og få midlane.

Kva er så resultatets så langt?

Ressursane(pengane) går til nettopp ein formidable kostnadsauken og det vert mindre til tenestene til folk., der er også varsla ein enorm auke i eigedomskatten, her fell nok mesteparten på nordre Kinn.

Derfor så kjem Kommunedirektør Heggheim med forslag om store endringar i skulestrukturen med i første omgang nedlegging av tre grendaskular. Det er berre litt av rekninga som innbyggarane får.

Kva betyr dette så for dei det angår? Som det står i stykket til NRK, lenger skuleveg for barna og oppsmuldring av bygdemiljøet. Så er det rett å reise fyljande spørsmål?

Vil dette føre til auke i folketalet? Vår påstand er Nei tvert imot det vil føre til ned gong over ikkje lang tid og tap av overføringar.

I Vågsøy så har vi hatt store negative konsekvensar av nedlegginga av Bryggja og Holvik skule. Det som skulle være eit kostnad reduserande vedtak, vart til ei økonomisk katastrofe.

Er så Kinn kommune tent med det? Nei.

Kan Heggheim forklare oss korleis han meiner prosessen med dei 2 skulane framover vil verte? Vil han ikkje at skulebruksplanen skal være ferdig først?

Sp forventar at AP opprettheld skulane Steinhovden og Stavang i perioden.

Skal Kinn kommune unngå økonomisk kaos, så bør dei leiande ta opp tråden som SP hadde i formannskapet og kommunestyre i Juni, få kontroll på økonomien.

Mvh

Kinn Senterparti

Nils Myklebust, leiar