– Han er ein offensiv, tydeleg og samfunnsengasjert leiar, som har sterke relasjonar i regionen. Heggheim er godt eigna til å leie Sunnfjord kommune og utvikle organisasjonen framover.

Det skriv Jenny Følling, ordførar i Sunnfjord, i ei pressemelding.

– Vi ligg sentralt plassert i Vestland fylke med Førde som regionssenter. Kommunen har klare mål om å yte gode tenester på alle område og skape vekst og utvikling i heile kommunen. Vi har også mål om å vere ein aktiv samarbeidspart i regionale samarbeid. Terje Heggheim har lang røynsle som kommunedirektør og evnar å legge til rette for næringsutvikling. Han er ein omgjengelig, trygg og samlande leiar, og har ryddige relasjonar til forsvarleg drift og god personalforvaltning, seier Følling.

Ho opplyser at dei hadde fleire godt kvalifiserte søkjarar til stillinga, som har vore gjennom ein grundig prosess som dannar grunnlaget for tilsettingsutvalet si samrøystes tilråding.

Endeleg tilsetting skjer i kommunestyret 17. februar 2022.

Heggheim byter jobb – blir ny kommunedirektør i Sunnfjord