Det har vore kaos på flyplassen fordi han er underbemanna i forhold til trykket av reisande som vil ut på tur etter pandemien. No varslar Heathrow at det blir sett eit tak på talet på daglege reisande fram til september, melder Sky News.
Maks 100.000 reisande per dag betyr ifølgje Heathrow-sjef John Holland-Kaye at rundt 2500 reisande kvar dag må belage seg på at flygingane blir innstilte.
– Vi ber flyselskapa stanse med å selje billettar i sommar for å minske påverknaden dette får for passasjerane, seier flyplassjefen.
– Ved å gjere dette grepet no, er målet vårt å verne flygingane for det store fleirtalet av passasjerane på Heathrow denne sommaren, seier han.
Han erkjenner at det betyr at nokon må reise på ein annan dag eller frå ein annan flyplass og beklagar til dei som blir ramma.
(©NPK)