Sameksistens mellom havvind-industri og fiskarar? Det har eg inga tru på. Med NHO og LO i ryggen skal det skapast ein ny stor industri og då blir fiskeri-interessene kasta på bålet.
Geir Magne Røys, styremedlem i Norges Fiskarlag
Staten driv med tilpassa forsking. Vi har aldri fått svar frå uavhengig forskarhald på konsekvensane av kva som skjer når seismikk-flåten bombar yngelbestandane sønder og saman.
Atle Magne Nekkøy, fiskar frå Florø
Fisk reagerer på lyd og endrar åtferd. Oppbygging av havvindindustrien på fiskebankane er å tukle med sjølve skaparverket.
Jarl Magne Silden, fiskar frå Måløy
– Havvind er den nye religionen
– Havvind er den nye religionen no når vesle Norge skal berga klimaet i verda. Samstundes er rikspolitikarane villige til å ofre fiskebestandane våre.