Klart for veterantreff på Havly

Spik Adel og Pegasus.

Spik Adel og Pegasus. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Pop-rock møter roots, er kortversjonen av konsertane når nokre av veteranane i musikklivet i Bremanger møtest.

DEL

Initiativtakarar er Roald Naustdal i Bremanger og Nils Jørgen Sagebø i Svelgen. Dei planlegg at dei etter kvart legendariske, men framleis aktive i Bremanger-bandet Spik Adel og Pegasus , opphavleg frå Svelgen, stiller opp i lag. Dei har spelt konsert og dansemusikk i fleire tiår- heilt tilbake til på slutten av 1980-talet.

Dette er generasjonen som vaks opp i kjølvatnet av 70- og 80-talsrocken. Spik Adel har føtene godt planta i americana-land, medan Pegasus hentar sine ting meir frå mainstream pop. Om eit par tiår kan nokon av oss kanskje sitje i gyngestolen på alderssenteret og få servert Stones sin "Honky Tonk Women" eller Toto sin "Hold the line" til kaffikosen av desse? Då blir det garantert meir gitar enn trekkspel. 

– Faktisk er det første gongen at Pegasus entrar scena på Havly. Her har det spelt mange legendariske musikarar i regi av Bremanger Rockklubb og i dei seinare år Musikk-kafe, fortel Naustdal.

Som lidenskapleg musikkelskar ser han fram til å sjå to gode band på same konsertarrangement for første gong. Med i Pegasus er Florø-gitarist Jørn Lasse Refsnes, Tor Hjalte, gitar, Trond Teigene, trommer, Nils Jørgen Sagebø på bassgitar og Erlend Eidsvik på keyboard. Frontfigurar er Janne Linn Myren og Annika Bremnes.

Spik Adel har frontgitaristar og vokalistar i Norvall Klungresæter og Einar Nesbakk. Jarle Grotle på keyboard, Roger Igland på bassgitar og Helge Førde på trommer.

Artikkeltags