Gå til sidens hovedinnhold

Havila Kystruten må utsetje jomfrutur

Reiarlaget Havila Kystruten må utsetje jomfruturen sin langs norskekysten til 12. desember på grunn av forseinka avgang frå verftet i Tyrkia.

I tillegg til sein avgang frå Tyrkia har det også vore tøffe verforhold på overfarten, og det gjer at det blir for lite tid til å gjere skip og mannskap klar til 1. desember. Det er selskapet sjølv som opplyser dette i ei pressemelding.

Skipet «Havila Capella» kjem til Bergen i dag som det første av dei fire nye kystruteskipa til Havila Kystruten.

«Havila Castor», som er skip nummer to, blir også forseinka frå verftet i Tyrkia, og reiarlaget seier dette skjer på grunn av auka utfordringar knytt til auka koronasmitte både ved verftet og i Tyrkia generelt.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken