Fekk illebefinnande – livet stod ikkje til å redde

Ein mann mista livet i Havhesten onsdag ettermiddag, etter eit illebefinnande.

Ein mann mista livet i Havhesten onsdag ettermiddag, etter eit illebefinnande. Foto:

Onsdag ettermiddag mista ein eldre mann livet i symjeanlegget Havhesten i Florø.

DEL

Like før klokka 16 onsdag ettermiddag fekk ein mann eit illebefinnande mens han svømte i bassenget i Havhesten i Florø.

– Det var ein eldre mann i 80-åra som fekk eit illebefinnande. Dette vart straks oppdaga av bassengvaktene, som fekk han på land i løpet av 15 sekund. Livreddande behandling vart umiddelbart sett i verk, fortel styreleiar i KF Havhesten, Anders Ole Sunnarvik.

Rask utrykking

I løpet av få minutt var også profesjonelle helsearbeidarar på plass. To ambulansar, legevakt, ambulansehelikopter og legebil frå luftambulansen kom til staden i løpet av kort tid.

– Personalet vårt er godt kursa i livredding, og gjorde det dei kunne. Det gjorde også helsepersonellet, mellom anna var det tre legar til stades. Men dessverre stod ikkje livet hans til å redde, seier Sunnarvik.

Havhesten er no stengt, men vil opne som vanleg i morgon torsdag.

Tilsette får oppfølging

Dei tilsette som var til stades har fått oppfølging av medisinsk personell.

– Dei har fått snakka gjennom situasjonen, og gått igjennom rutinane. Vi har fått stadfesta at alt er gjort på ein tilfredsstillande måte, seier Sunnarvik.

Han understrekar at det ikkje handlar om ei drukningsulykke.

– Han vart som sagt tatt på land i løpet av 15 sekund, seier styreleiaren.


Ambulansehelikopteret rykte ut til Havhesten onsdag ettermiddag.

Ambulansehelikopteret rykte ut til Havhesten onsdag ettermiddag. Foto:

Artikkeltags