– Snakk med barna om bading og tryggleik

STOR AKTIVITET: På godvêrsdagar er det stor aktivitet på kaia nedanfor Havhesten. - Foreldre bør vere obs på at her ikkje er badevakter eller kontrollar, og det oppstår mange farlege situasjonar der, seier Havhesten-styreleiar Anders Ole Sunnarvik. Foto: Havhesten-tilsette

STOR AKTIVITET: På godvêrsdagar er det stor aktivitet på kaia nedanfor Havhesten. - Foreldre bør vere obs på at her ikkje er badevakter eller kontrollar, og det oppstår mange farlege situasjonar der, seier Havhesten-styreleiar Anders Ole Sunnarvik. Foto: Havhesten-tilsette

Artikkelen er over 1 år gammel

I finvêret er det mange unge som nyttar kaia ved Havhesten til bading. Den siste tida har her vore fleire nesten-ulykker, og personalet har måtte ringe politiet fleire gonger.

DEL

I godvêrsperioden som har vore den siste tida har det vore stor aktivitet på kaia ved Havhesten i Florø.

Barn og unge samlar seg for å bade og sole seg. I tillegg kjem det båtar inn mot kaia, ofte i stor fart, samstundes som det er mange som badar i vatnet.

– I det siste har her vore enorm aktivitet på og ved kaia, og det er mange farlege situasjonar som oppstår. Det er nestenulykker her nesten kvar dag, og dei tilsette er redde og bekymra for tryggleiken, fortel Anders Ole Sunnarvik, styreleiar i Havhesten.

Det er ei offentleg kai, men Havhesten har ikkje noko ansvar for aktiviteten som føregår der.  Difor er der ikkje badevakter eller noko oppsyn med tryggleiken. Samstundes har ikkje Havhesten høve til å stenge kaia, sidan den er offentleg.

– Prat med dei unge

– Som ein ser på bildet som er tatt av dei tilsette 31. mai, så er det stor aktivitet, både med bading og båtar som ligg tett inn mot kaia. I førre veke var her fleire nesteulykker, og personalet vårt har måtte ringe politiet fleire gonger, fortel Sunnarvik.

– Eg har ei oppfordring til foreldre; prat med dei unge om dette. Både om båtkøyring og bading. Be dei om å vere forsiktige og å følge med når dei badar ved kaia. Foreldre bør også ta seg nokre turar ned for å sjå kva som føregår her. Det er fort at det skjer ei alvorleg ulykke, og det ønsker vi for all del ikkje, seier han.

Sunnarvik håpar også at politiet tar seg nokre kontrollrundar nedom.

HAVHESTEN: Anders Ole Sunnarvik, styreleiar i KF Havhesten. Foto: Linda Regina Bruvik

HAVHESTEN: Anders Ole Sunnarvik, styreleiar i KF Havhesten. Foto: Linda Regina Bruvik

Kan ikkje stenge kaia

Også i fjor var det utfordringar med aktiviteten på kaia. Då fekk Havhesten kommuneadvokaten til å vurdere det juridiske rundt ansvaret for kaiområdet.

Ifølge den vurderinga kan ein som ein del av allemannsretten opphalde seg på kaia. Dei som oppheld seg der er sjølve ansvarlege for det som skjer, så lenge vanlege tryggleikskrav og vedlikehald er ivareteke av kaieigar.
Havhesten har ikkje høve til å stenge kaia. Det kan berre Flora kommune gjere, men då må det stadfestast av fylkesmannen.

Retten til å oppholde seg på kaia vert regulert av friluftsloven, om at ferdsel til fots berre er tillete når det skjer hensynsfullt og med tilbørleg varsemd. Det vert i lova stillt krav om at ein ved ferdsel eller opphald på «annan manns grunn eller sjøen utanfor» skal opptre hensynsfullt og varsamt, slik at det ikkje voldes skade eller ulempe for grunneigar, brukar eller andre (f.eks. andre friluftsfolk, naboar eller særlege rettigheitshavarar).

Flora kommune har høve til å utforme eit eige reglement for staden, og ein kan då følge opp med bøter. Men dette har ikkje vore gjort så langt.

Artikkeltags