– Dette er fantastiske nyheiter for heile Florø, fortel Sunnarvik.
I går godkjente styret i Havhesten KF eit rekordresultat for driftåret 2021. Det endte med 2,023 millionar i overskot. Omsetninga for fjoråret blei 12,6 millionar.
Redusert mange kostnadar
– Anlegget blir drive som eit vanleg kommunalt føretak, med mål om å vere mest mogleg sjølvfinansierande. Styret har lagt vekt på å vere veldig kostnadsbevisste, og har redusert lønsutgiftene med 800.000 i forhold til det som var budsjettert.
Også på straumfronten greidde dei å spare inn store summar.
– Vi var veldig uroa då straumprisane fauk i vêret i fjor, men vi har faktisk greidd å redusere straumutgiftane våre med over 50 prosent. Heldigvis varte ikkje dei høge prisane så lenge her. Vi låg på rundt 40.000 kroner i straumutgifter i månaden no i vinter. I 2018 låg vi på nesten 100.000 kroner, så det er heilt fantastisk.

Sunnarvik om straumsjokket i Havhesten: - Vi treng høgare kommunalt tilskot
Sunnarvik fremhevar også dei tilsette med dagleg leiar Magny Rogne i spissen.
– Dei har gjort ein fantastisk innsats i eit år som framleis inneheld mykje usikkerheit med tanke på korona.
Ryktet har spreidd seg
Til tross for at Havhesten var stengt i nærare ein månad på grunn av koronarestriksjonar, kan dei skilte med gode besøkstal. Sunnarvik fortel at korona prega anlegget både positivt og negativt.
– Redusert reising utenlands resulterte i at fleire valde oss for vassleik i sommarmånadene. Folk har lagt igjen pengane lokalt. I tillegg har rehabiliteringa ført til meir merksemd og besøk utanbys frå. Vi fekk ein god del brukarar frå Sunnfjord kommune i helgar og feriar.

Magny har hatt fleire tusen innom dei siste dagane. No vil ho ha på plass symjeklubb
I tillegg har ryktet om eit flott og nytt anlegg spreidd seg til dei større byane. Totalrekninga på rehabiliteringa kom på 56 millionar. 32 av desse blei finansiert gjennom spelemidlar.
– Eg hugsar ein laurdag i sommar med 300 besøkande. Då var halvparten tilreisande. Folk var på ferie frå mellom anna Bergen og Oslo. Det var utruleg kjekt å sjå. Vi har verkeleg eit anlegg som lokalbefolkinga kan vere stolte av.
Blir det skiljeveggar?
– Firdaposten har hatt sak angåande ønske om skiljeveggar i garderobane. Korleis ligg de an der?
– Det er tatt opp i styret. Vi ser på forskjellige alternativ for å komme fram til ei løysing. Styret var på synfaring i februar for kva moglegheiter det kan ligge til rette for. Slike ting tek styret på høgste alvor.
