Marius har fått napp i utlandet - har seld sløyemaskina til fiskarar på Grønland

Marius Strømmen og selskapet Havfront AS står bak oppfinninga "Loppa", som dei kallar verdas minste sløye- og kappemaskin. No har dei seld maskiner til Polar Seafood på Grønland.

DEL

Selskapet Havfront AS vil revolusjonere sløying og kapping av fisk om bord på fiskefartøy med «Loppa», verdas minste sløye- og kappemaskin.

No har selskapet sikra si første internasjonale kontrakt på Grønland. Havfront skal levere  to maskiner til Polar Raajat AS, som er en del av Polar Seafood, i slutten av april.

Polar Seafood er eit av dei store kvitfisk- og rekekonserna på Grønland.

Ser moglegheiter på Grønland

- Havfront ser på det som eit stort gjennombrudd at dei også internasjonalt ser kor godt «Loppa» presterer, både på kvalitet og effektivitet, seier dagleg leiar Marius Strømmen.  

- Polar Raajat AS tok kontakt med Havfront i januar, og vurderte Loppa til å vere den beste maskina dei kunne sette om bord på to av sine båtar. Grunnen til at de velger Loppa er at maskinen er både lita, kompakt og treng svært lite vedlikehald. Vi ser frem til å montere maskinene i april/mai, seier Strømmen i ei pressemelding.

- Torskefisket på Grønland er sterkt aukande, og alle fiskarane vi har snakka med seier dei må sløye og kappe fisken sin før levering. Vi ser ein mottaksstruktur som ikkje har sløyelinjer, og dermed må fiskaren sjølv sløye og kappe fisken før levering. Havfront har då eit produkt som er sterkt ønska på Grønland, og mange av dei mindre fartøyene skal fornye seg. Det å ha utvikla ei maskin som gjer kvardagen til fiskarane enklare er noko vi er stolte av i Havfront, seier Strømmen.

Har seld 13 maskiner

Havfront har merka større etterspurnad etter maskina etter at dei deltok på fiskerimessa Nor Fishing i Trondheim.

- Vi selde tre maskiner under messa, og i etterkant har vi seld fem maskiner. Innan juni i år vil det vere minst 13 Havfront-maskiner i dagleg bruk, fortel Strømmen.

Sløyemaskina er bygd for å bli plassert ute på dekk, og tåler både frost og sjø. Maskina løyser mange problem for fiskarane, meiner gründeren frå Rugsund i Bremanger.

HAVFRONT: Marius Strømmen og Oddbjørn Gudmundsen eig Havfront AS.

HAVFRONT: Marius Strømmen og Oddbjørn Gudmundsen eig Havfront AS. Foto:

Havfront-gründerane såg behovet for ei maskin som kunne løyse fleire utfordringar for fiskarane og fiskebåtreiarane. Ikkje berre var det viktig å skulle gjere sløying og kapping av fisken meir mekanisk for å spare fiskarane for unødig slitasje. Det var også viktig å sjå om ein kunne lage ei maskin som gjorde fleire operasjonar på ein gang, for å effektivisere prosessen optimalt. I 2014 starta utviklinga av prototypen som i dag er kjent som «Loppa».

Artikkeltags