Mattilsynet-tabbe: Oppdrettar enda med å naudslakte ein halv million frisk laks

Oppdrettslaks har liten sjansen til å unngå lakselus inne i ei tradisjonell merd.

Oppdrettslaks har liten sjansen til å unngå lakselus inne i ei tradisjonell merd. Foto:

Pancreas-sjukdom, konstaterte Mattilsynet hjå oppdrettsselskapet Måsøvals i Kristiansund tidleg i august, og kravde 715.000 laks nedslakta. Prøvane var feil, men då var allereie fadesen eit faktum.

DEL

Blunderen frå Mattilsynet blir no truleg advokatmat, etter at Mattilsynet sine prøvar tekne av oppdrettslaksen i Kristiansund viste seg å vere heilt feil, skriv E24.no.

Oppdrettsselskapet iverksette nedslakting av laksen etter pålegg frå Mattilsynet, for å hindre spreiing til andre anlegg. Fisken som blei slakta hadde ei snittvekt rundt fire kilo. Då rundt 70 prosent var nedslakta sist veke, kom sjokkmeldinga: Prøvane frå Mattilsynet var feil, og dei rundt 500.000 laksane som så langt var avliva, var det ingenting i vegen med.

Ifølgje E24.no beklagar no Mattilsynet prøvetabben, men ei orsaking er truleg ikkje nok, og partane må anten bli samde om erstatning, eller dei må møtast i retten.

– Vi har ikkje oversikt over tapet vårt enno, seier Måsøvals styrleiar Lars Måsøval.

Artikkeltags