– Dette var faktisk det eg ønskte meg til 40-årsdagen, så dette skal bli skikkeleg kjekt, seier Lene Eriksen Hillersøy.

Ho reknar med ho var fire-fem år gammal då ho lærte å ro av morfaren sin Anfinn Hillersøy. Han var frå Hillersøya og budde på Fanøy i Batalden. Han nytta robåten til kommunikasjon til og frå byen. Halvannan time nytta han frå Fanøy til Florø. Og ein gong kom han tilbake til Fanøya etter å ha vore i Florø. Då hadde det kome telegram om at bror hans var ferdig på sesjon så han måtte berre ta årene fatt på tur nummer to for dagen.

Og som barnebarn til slik ein driven roar som Anfinn, meiner Lene det berre var på sin plass å reise til Fanøy med robåt ein sommar. Men å ønske seg ei rotur til Fanøy er ikkje berre enkelt. For det første treng du ein skikkeleg robåt.

– Eg tok kontakt med mange i trebåtmiljøet for å få låne meg ein båt til denne ferda. Og det har ikkje berre vore enkelt, seier ho.

Men då ho via ein del andre kontaktar kom i snakk med Ragnar Kristiansen som kjem frå garden Rudning på Vevlingen i Batalden, skulle alt ordne seg.

– Han kjenner ikkje meg, men då han fekk kjennskap til besteforeldra mine, så viste det seg at han gjennom oppveksten hadde mykje kontakt med mormora mi. Då eg fortalde om at eg ville ro frå Florø og ut i Batalden så fekk han verkeleg ting til å skje, så det er jo berre utruleg kjekt. For ein herleg fyr! seier Lene.

– Kunne ikkje begynne no!

– Eg har aldri skuffa jentene, og då kan eg ikkje begynne no i ein alder av 83 år, seier Ragnar Kristiansen og ler.

For han hadde båt, og han var slett ikkje interessert i å skuffe jentene.

– Eg kjøpte båten til borna mine for at dei skulle ha ein skikkeleg båt å ro med, og dei, og eg, har nytta den mykje opp gjennom åra, seier Kristiansen som også har segla med trebåten.

Men det var ein jobb som skulle gjerast før båten var klar til nye tokt. Det var faktisk mykje som skulle gjerast.

– Den har stått på land i to år så den måtte jo gjerast rein og botnsmørast. Så måtte eg spikre opp att kjølen slik at den vart tett. Det har eg lukkast godt med. Den eine av keipane var også gått ut på dato så eg måtte lage ein ny. Så har eg lagt inn flytetankar i båten slik at den ikkje kan synke, seier han.

Gret av glede

Kristiansen syntest det var kjekt å kunne hjelpe dei tre damene med prosjektet dei hadde sett seg føre.

– Mormor til Lene, Alma Hillersøy har både vaska, stelt og passa på meg frå då eg var ein lite tass under krigen, så det er veldig kjekt at barnebarnet til Alma no er ute og ror med båten min. Ja dette var noko eg berre måtte gjere, seier han.

Måndag sjekka han ut båten og fekk den sjøsett, og onsdag var bror til Lene i Batalden for å hente den.

– Dei er nokre herlege jenter. Eg fekk ei korg med blomster og vin, flatbrød, spekemat og potetsalat som takk for hjelpa. Det var verkeleg rørande.

– Du måtte tørke ei tåre?

– Tørke ei tåre!? Eg har grett mykje skal eg seie deg! Men berre av glede. Både for at eg fekk sjansen til å hjelpe barnebarnet til Alma og for den flotte takken frå jentene, seier han.


Fredag klokka 11.00 låg båten pynta og festivalklar i Breivika.

Jentetrio

Synnøve Klakegg og Mariann Torvanger har begge tatt hyre hos skipper Lene for å vere med på overfarten til øyriket i vest. Der var også tre fedre på plass. Ståle Klakegg, Aage Torvanger og Eirik Eriksen. Dei tok styring på tryggleiken i alle baugar og kantar, bokstaveleg tala, før dei sende jentene ut.

– No har vi kontroll fram til Stabben så er det folk der ute som held oppsynet resten av turen, seier Ståle Klagegg og gliser. Litt på skjemt, og litt på alvor.

Båten er ikkje heilt trutna etter at den vart sjøsett, men med to par årer og tre jenter, så vil det alltid vere ein om bord som kan ha ansvaret for at det ikkje blir for fuktig i båten. Eller?

– Eg tenker at den som ikkje ror må ha ansvaret for at det blir god stemning i båten, seier Eriksen og ler.


For dei er trass alt på veg til festival. Spelelista var sett opp i forkant og høgtalaren var pakka inn i plast.

– Vi kjem til å ta oss god tid, målet er å rekke den første konserten på Havblikk-festivalen. Vi har med oss bobler så det blir nok eit lite stopp ved Stabben, så får vi sjå kor det går derifrå, humrar ho.

Eksklusivt

For turen går ikkje berre til Fanøy, den går også til Havblikk-festivalen. Den har vore utseld i lengre tid, og dei som har sikra seg billettar veit at dei skal vere med på noko eksklusivt.

17.30 går den første konserten og den er av Sondra Borøy. Så går det slag i slag utover kvelden. Heigh Chief speler før Valkyrien Allstars etterfølgt av Skambankt skal prøve å få utslag på Richters-skala frå scena. Laurdagen er det Bernhoft som toppar plakaten.

– Vêret ser verkeleg ut til å spele på lag. Målet er å vere i Fanøy til den første konserten, og det trur eg skal gå heilt fint. Så no gler vi oss, avsluttar Lene og kastar loss.