Gå til sidens hovedinnhold

Håvard (18) går på lån til Florø. Er klar for å spele seg inn på laget

Keepertalentet skal få etterlengta kamptrening.

Håvard Hetle (18) skal spela på lån for Florø ut årets sesong, melder Florø Fotball på sine nettsider.

– Eg er veldig motivert for å reisa til Florø for å kjempa meg til ein plass på laget der. Hovudmålet mitt er å prestera så bra i år at Sogndal ønskjer meg attende, seier keepertalentet.

Det var Sogn Avis som skreiv om dette først.

Behov for kampar

Grunna koronaviruset blei det ikkje spelt serie i 3. divisjon i fjor, slik at Hetle ikkje kunne spela kampar for Sogndal 2.

Det er framleis usikkert når dette nivået får byrja att, difor meiner Sogndal det er lurt å gje Hetle kamptrening ein annan stad.

– Det er viktig at Håvard får ein god kamp- og treningskvardag, og det er me sikre på at han vil få i Florø, seier Håvard Flo.

I Florø får Hetle, om han får plassen som førstekeeper, spele i PostNord-ligaen, på tredje nivå i norsk fotball.

Skal utfordre om plassen

Kim Solheim i Florø Fotball fortel at Hetle er henta inn for å kjempe om ein plass for laget.

– Hetle er vel anerkjent som det fremste keepertalentet i sin generasjon, og vel så det. Han er henta inn for å gi Maciew Ranowski kamp om plassen. Dei kan pushe kvarandre, og det er slik vi vil ha det, fortel Solheim.

Hetle har vore innom fleire lokale klubber og starta si karriere i heimbygda for Breimsbygda IL. Han gjekk til Sandane mens han gjekk skulegangen sin der, og var på utlån til Stryn etter å ha signert sin første kontrakt med Sogndal Fotball i 2018.

Håvard er fast på aldersbestemt landslag og var ein av spillevrene som blei vist i TV2-serien «Våre neste menn»

Kommentarer til denne saken