Prisa for sunn mat

DYRKING: Tare blir dyrka på strekk av tauverk i sjøen. Pressefoto.

DYRKING: Tare blir dyrka på strekk av tauverk i sjøen. Pressefoto.

ASKVOLL: Tare frå Værlandet var med på vinnarlaget som gjekk til topps i NM i Sunn Fastfood.

DEL

Dette skaper stor entusiasme i gründerbedrifta Seaweed AS, ytst i havgapet i Sunnfjord.

– Sigeren til Anne Lise Sørensen og Patricias Gatekjøkken er veldig inspirerande for oss som arbeider hardt for å få havets grønsaker på menyen, seier Daniel Fedøy i Seaweed AS.

NM i Sunn Fastfood vert arrangert kvart år av Opplysningskontoret for frukt og grønt. Årets vinnar frå Troms har i mange år markert seg i toppen av konkurransen. Det same har produktutviklarane i Slåtto og Norsk Storhusholdning.

Dagleg leiar Daniel Fedøy i Seaweed AS kan ikkje rose forsking og utviklingssamarbeidet med Slåtto og Norsk Storhusholdning nok.

– Dette er menneske med utruleg stor matkunnskap, nysgjerrigheit og yrkesstoltheit. Vi har lært utruleg mykje. I tillegg opplever vi at dei behandlar oss med respekt for det vi kan, sjølv om vi er ei veldig lita bedrift, seier Fedøy.

Daniel Fedøy jobbar systematisk vidare med tare som matressurs.

Daniel Fedøy jobbar systematisk vidare med tare som matressurs. Foto:

Den nye fiskeburgeren med tare og ramsløk frå Slåtto og Norsk Storhusholdning inneheld 77% rein fisk. Tilsettinga av tare fra Seaweed AS får fram dei gode smakane av fisk og hav, samtidig som innhaldet av salt kan reduserast til ein prosent. Det vanlege i denne type produkt er gjerne opp mot tre prosent salt. Taren gir god konsistens og bindeevne i fiskemat.

– Vi håpar at folk skal få augene opp for produkta våre som velsmakande og sunn salterstatning. I tillegg inneheld taren mange gode vitamin og mineral. Folk må likevel være merksame på at tare inneheld mykje jod. For lite eller for mye jod i kosthaldet er ikke heldig», seier Fedøy.

Alger som mat er veldig vanleg i andre delar av verda, men framleis litt nytt i Europa.

– Ein meir berekraftig matproduksjon er det likevel ikkje råd å tenke seg. Algane treng verken ferskvatn, gjødsel eller fôr for å trivast. Reint sjøvatn og naturleg lys er alt som skal til. Vi har stor tru på at dette er starten på noko veldig positivt. Folk ynskjer seg fleire naturlege produkt med lågare saltinnhald og sunne eigenskapar, avsluttar Daniel Fedøy.

Artikkeltags