Oppfostra til satsing

HAVBRUK: Vågsøy er ein av kommunane som får pengar frå Havbruksfondet på grunn av oppdrettsaktiviteten i kommunen. I haust var nytilsett fiskeriminister Harald Tom Nesvik på besøk på eit av Marine Harvest sine anlegg i kommunen. F.v. Céline Tomé, Thomas Midtvik og Henrik Søraa. Foto: N. og Fiskeridepartementet.

HAVBRUK: Vågsøy er ein av kommunane som får pengar frå Havbruksfondet på grunn av oppdrettsaktiviteten i kommunen. I haust var nytilsett fiskeriminister Harald Tom Nesvik på besøk på eit av Marine Harvest sine anlegg i kommunen. F.v. Céline Tomé, Thomas Midtvik og Henrik Søraa. Foto: N. og Fiskeridepartementet.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

SOGN OG FJORDANE: Ei heit havbruks- næring kan bidra til fleire varme hender i kystkommunane.

DEL

– Kommunane som er flinke til å legge til rette for akvakultur skal få betalt. Vi skal premiere dei som vil og får det til, seier fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) til Fjordenes Tidende.

Havbruksfond

Denne hausten kom den første betydelege «gåva» frå myndigheitenes sitt havbruksfond til norske oppdrettskommunar. Sjølv om kommunane i Sogn og Fjordane samla fekk 3,6 millionar kroner frå fondet i 2017, var det heilt andre størrelsar på gevinstane denne hausten.

Totalt var Havbruksfondet i år på 2,7 milliardar kroner. Av dette fekk elleve kommunar i Sogn og Fjordane drygt 188 millionar kroner, medan Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk drygt 31 millionar.

– Dette viser at når vi aktivt tek i bruk kysten, så klarer ein å også legge igjen verdiar lokalt, seier administrerande direktør i Coast Seafood, Sverre Søraa.

Vil utvide

Coast-deleigde Blom Fiskeoppdrett er blant selskapa som ønskjer å utvide oppdrettsaktiviteten i Sogn og Fjordane, og som er avhengig av at kommunar, og i mange tilfelle, Fylkesmannen, tillèt dette.

– Eg er svært glad for at mange kommunar i denne regionen legg til rette for akvakultur når ein ser kva pengar dei får frå Havbruksfondet, seier Harald Tom Nesvik.

Det var i 2015 at Stortinget bestemte seg for å opprette eit havbruksfond. Årets pott kjem av at rundt 50 selskap har brukt 3,9 milliardar kroner på å kjøpe nye laks-, aure- eller regnbogeaure-løyve langs norskekysten. 80 prosent av beløpet går til kommunane (87,5 prosent) og resten til fylkeskommunane (12,5 prosent).

Gir litt tilbake

– Denne utbetalinga er med på å synleggjere at oppdrettsnæringa gir noko tilbake til lokalsamfunna. Dette er pengar kommunane kan bruke på å utvikle tilbod til innbyggjarane sine innan kultur, helse, skule, idrett, infrastruktur eller andre område, sa Harald Tom Nesvik då størrelsen på tildelingane vart kjend i september.

Fleire har uttrykt skepsis til at tildelingane berre er knytt til vekst i næringa: «Havbruksfondet er vel og bra, men det betales altså bare for utvidede produksjonsrettigheter og nye konsesjoner – ikke for bruk knyttet til konsesjoner som er tildelt gratis tidligere. Det er dermed et system som er basert på og avhengig av evig vekst, om og når naturens og sentrale myndigheters rammevilkår tillater det», heiter det i ein uttale frå styret i Nettverk for fjord- og kystkommunar. Dei tek til orde for eit produksjonsvederlag der selskapa betaler ei avgift til kommunane per kilo seld laks og aure.

Havbruksfondet 2018

Gulen:  36,2 MNOK (16)

Flora: 29,6 MNOK (16)

Solund: 23,6 MNOK (11)

Hyllestad: 19,1 MNOK (7)

Askvoll: 17,9 MNOK (13)

Bremanger: 17,5 MNOK (8)

Høyanger: 15,2 MNOK (9)

Vågsøy: 10,7 MNOK (3)

Fjaler: 8,4 MNOK (5)

Selje: 7,3 MNOK (2)

Gloppen: 2,8 MNOK (3)

(tal lokalitetar i parentes)

Kjelde: Nærings- og fiskeridepartementet

Velkomne kroner

Uansett er det klart at for trøblete kommuneøkonomiar langs norskekysten, så er pengane frå Havbruksfondet særdeles velkomne. I Vågsøy kommune hadde ein ikkje budsjettert med inntekter frå fondet i år, og eit tilskot på 10,7 millionar kroner er nesten like mykje som kommunen hentar i eigedomsskatt årleg.

Å budsjettere med tilsvarande beløp dei kommande åra kan derimot vere ei farleg øving for lokalpolitikarane. Myndigheitene tillèt ei kapasitetsauke på seks prosent i havbruksnæringa kvart andre år, og i 2020 kan verdien på veksten vere ein heilt annan enn i år.

– I år vil høge lakseprisar gi et bilde av prisane på konsesjonane. Om lakseprisane går ned og bedriftene ser på konsesjonane som mindre lukrative om to år, så kan det nok ende opp med at dei betaler mindre, seier regionsjef for Sjømat Norge, Hans Inge Algrøy, til Fjordenes Tidende.

Artikkeltags