Grønare tenking

VISJONEN: Slik tenker INC-konsernet seg bruk av nye baseområde. Her kjem også base for seismikkselskapet PGS rett aust for hydrogen-arealet.

VISJONEN: Slik tenker INC-konsernet seg bruk av nye baseområde. Her kjem også base for seismikkselskapet PGS rett aust for hydrogen-arealet.

FLORØ: INC-konsernet på Fjord Base bygger snart eit pilotanlegg for laks til 50 millionar. Men dei har ein stor og grøn visjon om storanlegg i vest kombinert med hydrogenfabrikk.

DEL

– Pilotanlegget er første steg i satsinga på eit stort landbasert anlegg på Gaddholmen, fortel økonomidirektør Roald Førde til Firdaposten.

Visjonen er å kombinere eit stort landbasert produksjonsanlegg for laks med ein hydrogenfabrikk. Hydrogen er venta å bli eit viktig produkt som eit miljøvennleg drivstoff til framtidas båtar, lastebilar, bussar og bilar.

– «Avfallstoffet» i hydrogenproduksjon er rein oksygen, som vi kan bruke direkte i lakseproduksjonen. Ein hydrogenproduksjon frigjer også mykje varmeenergi. Vidare tenker vi oss at den sørvendte delen av halltaket på lakseanlegget kan dekkast med solcellepanel. Dessutan tenker vi å samle opp mest mogleg av dei biologiske avfallstoffa og nytte dei til produksjon av biogass, forklarer Førde.

Men først skal ein teste ut

lakseproduksjonen i eit pilotanlegg,

plassert rett ved sidan av Havlandet Marin Yngel midt på baseområdet. Bygginga av piloten skal starte i 2018.

– Dette gjer vi for å utnytte den tekniske infrastrukturen og systema i Havlandet Marin Yngel og for å utnytte kompetansen og arbeidskrafta til dei som jobbar der, forklarer Førde.

Bjørn Lillelien presiserer at i drifta av pilotanlegget med konsesjon på 200 tonn matfisk av laks, legg dei opp til ei detaljert prøvetaking og loggføring av både miljø og helseparameter på laksen for å hente ut mest mogleg kunnskap før oppskalering i eit nytt anlegg på Gaddholmen. Oppsamling av biologisk avfall og utnytting av denneer også sentralt i utprøvinga.

– Vi brukar landets fremste ekspertise i planlegginga og anlegget skal leverast av Aqua Optima,som har lang erfaring med RAS-system i landbaserte anlegg, fortel Lillelien.

Artikkeltags