Gode fiskeprisar løftar maritim industri

SAMARBEID: Lars Nygård (nr. 3 f.v.) og Geir Saltkjel frå Ulvesund Elektro kan glede seg over meir arbeid ved Stadyard, her representert ved Malvin Silden (f.v.) og Agnar Lyng. Neste år skal dei bidra i bygginga av fartøyet Stormhav, som er utvikla av Måløy-selskapet Seacon, her representert ved Rune Stian Nybakk (t.h.). Foto: Sindre Blålid Kvalheim

SAMARBEID: Lars Nygård (nr. 3 f.v.) og Geir Saltkjel frå Ulvesund Elektro kan glede seg over meir arbeid ved Stadyard, her representert ved Malvin Silden (f.v.) og Agnar Lyng. Neste år skal dei bidra i bygginga av fartøyet Stormhav, som er utvikla av Måløy-selskapet Seacon, her representert ved Rune Stian Nybakk (t.h.). Foto: Sindre Blålid Kvalheim

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

MÅLØY: Gode fiskeprisar er gull verdt for industrien på land. 12 av 17 selskap i Måløy Maritime Group hadde rekordhøge inntekter i fjor.

DEL

– Det har vore spanande og krevjande tider, men vi har òg kome ut med eit bra resultat, seier fagleg leiar i Ulvesund Elektro, Geir Saltkjel.

Totalleverandøren av elektriske tenester har lagt bak seg det mest innbringande året i selskapet si snart tjueårige historie. Og sjølv om elektrikarane frå Vågsøy har ein fot i fleire næringar, så er dei gode tidene i fiskeri- og havbruksnæringa blant det som bidreg til veksten.

– Med stor aktivitet på verfta, så var 2017 et veldig hektisk år for oss. Det vart eit toppår når det gjeld omsetnad, seier Geir Saltkjel om inntektene på 48 millionar kroner, som er nesten det dobbelte av det selskapet i snitt hadde årleg i perioden 2008–15. Overskotet på 9,5 millionar i fjor var òg rekordstort.

Før jul i fjor var Ulvesund Elektro involvert i bygginga av ikkje mindre enn ni ulike fartøy i inn- og utland. For tida er dei mellom anna involvert i bygginga av to nye fiskefartøy ved Stadyard, og Ulvesund Elektro skal òg vere med på bygginga av ytterlegare to fiskefartøy ved Vågsøy-verftet.

– Sidan bygginga av Torbas (2014-15) har vi jobba tett med Stadyard og skipsdesignerane i Måløy. (...) Torbas var flott å kunne bruke i marknadsføringa vår, og dei fem nybyggingskontraktane vi har inngått i det siste har sitt utspring i den jobben vi gjorde på Torbas, forklarer Geir Saltkjel.

STOR AKTIVITET: To fiskefartøy frå Skipskompetanse er for tida under bygging hos Stadyard på Raudeberg. Her har skroget til Støttfjord nyleg kome til verftet. Foto: John Kråkenes

STOR AKTIVITET: To fiskefartøy frå Skipskompetanse er for tida under bygging hos Stadyard på Raudeberg. Her har skroget til Støttfjord nyleg kome til verftet. Foto: John Kråkenes

Vågsøy-selskapet har nesten dobla staben dei siste åra og er no oppe i 34 tilsette. Ein av dei er Lars Nygård (26), som fekk sin elddåp som prosjektleiar på 200-millionarsfartøyet Torbas for fire år sidan.

– Fleire av dei eg gjekk på skule med er ikkje elektrikarar i dag. Nokre er i større bedrifter, men der «druknar» ein kanskje litt, sa Nygård då han tidlegare i år var med på å presentere planane for fiskefartøyet Stormhav, som Ulvesund Elektro skal vere med på å bygge neste år.

Ulvesund Elektro sitt gode fjorår var på ingen måte eit unntak i klynga av selskap i Måløy Maritime Group (MMG), som profilerer fiskeribyen som ein «one stop shop» der fiskeriflåten finn alt dei treng. 12 av dei 17 selskapa hadde rekordhøge inntekter i fjor og for 7 av selskapa var òg overskotet rekordstort.

– Det går eigentleg bra på alle frontar og då dryp det på oss òg, seier dagleg leiar Wictor Svoren i Isovent.

Dei driv med isolering og ventilasjon og har vore involvert i bygginga av fleire fiskebåtar dei siste åra. I fjor vart det omsetnadsrekord for Vågsøy-bedrifta. Det vart det òg for handverkarane i Husevåg Rør (ikkje MMG-medlem) etter at dei mellom anna gjorde større jobbar ved fiskemottak.

– Vi hadde rekordomsetnad i fjor og botnlinja vår har heller aldri sett betre ut, seier dagleg leiar Kristian Nydal.

På Stadlandet føyer Stadpipe seg inn i rekka av MMG-bedrifter som har lagt bak seg eit rekordgodt år. Omsetnaden er nesten tredobla sidan 2017, og som leverandør av komplette røyropplegg til mellom anna fiskeri og havbruk er dei blant aktørane som for tida nyt godt av gode prisar på fisk. På Stord er dei i ferd med å levere 15–20 kilometer med rør til det som etter planen skal bli verdas største landbaserte oppdrettsanlegg.

– Oppdrett er i tida, og no blir det satsa tungt på landbaserte anlegg der fisken kan vekse seg større før han blir sett i sjøen. Her kjem det til å skje mykje vidare også, og vi må berre vere med, seier dagleg leiar Nils Per Sjåstad.

Sjølv om fleire av dei nemnde selskapa opplever utfordringar med å rekruttere nok hender og hovud, så har oppturen for handverkarane heldt fram i 2018. Og med nye fartøy, fiskerifabrikkar og oppdrettsanlegg under planlegging i regionen ser ikkje den flotte kurva til å flate ut med det aller første.

Artikkeltags