Fører arven og tradisjonen vidare

ARVTAKAR: Peder Stave har ei fortid som sjømann, og no står han klar til å overta drifta av familieverksemda Per Stave på Stadlandet. Alle foto: Jørn-Arne Tomasgard

ARVTAKAR: Peder Stave har ei fortid som sjømann, og no står han klar til å overta drifta av familieverksemda Per Stave på Stadlandet. Alle foto: Jørn-Arne Tomasgard Foto:

Av

STADLANDET: Halvparten av lutefisken i Sverige og Finland kjem her i frå. No står 21-åringen Peder (21) klar til å overta familiebedrifta.

DEL

– Eg tek det gradvis. Eg må lære meg drifta med tørking, luting og kvalitetsvurdering. Så får vi ta ting etter kvart, seier Peder.

Det er 44 år sidan bestefaren, Per, opna fiskemottaket på Stadlandet. Sidan har familiebedrifta produsert lutefisk og tørrfisk for sal i butikkar. Dei siste 23 åra under leiing av Peder sin far, Rune. No står sonen klar til å overta slik Rune gjorde i 1995.

– Eg har sagt at han skal få den tida han treng for å kjenne seg trygg i rolla. Men eg er klar til å gi frå meg ansvaret når han er klar, seier Rune Stave, før han legg til:

– Eg er veldig stolt over at ein ny generasjon no skal ta over.

FAR OG SON: – Eg er klar til å gi frå meg ansvaret når han er klar, seier Rune Stave om sonen Peder. Foto:Jørn-Arne Tomasgard.

FAR OG SON: – Eg er klar til å gi frå meg ansvaret når han er klar, seier Rune Stave om sonen Peder. Foto:Jørn-Arne Tomasgard.

FRÅ ARKIVET: Rune Stave saman med far Per Stave som han overtok etter  i 1995. Foto: Fjt

FRÅ ARKIVET: Rune Stave saman med far Per Stave som han overtok etter i 1995. Foto: Fjt

Skal inn i hus

Under Rune si leiing har produsenten av lutefisk, tørrfisk og hundefôr teke store steg.

– Vi hadde mykje tørking ute tidlegare, men eg bestemte meg for at all produksjonen skulle inn. Det førte til mykje meir stabil drift og jamnare kvalitet.

Selskapet har 12–13 tilsette og omsette i 2017 for drygt 26 millionar kroner – ei auke på 7 millionar kroner frå året før. Overskotet vart på halvannan million kroner.

TØRRFISK: Tørrfisk er basis for både lutefisk og hundemat.  Lutefisk blir laga av lange og torsk. Foto: Jørn-Arne Tomasgard.

TØRRFISK: Tørrfisk er basis for både lutefisk og hundemat. Lutefisk blir laga av lange og torsk. Foto: Jørn-Arne Tomasgard.

Marknadssamarbeid

– Vi fann ut at vi måtte ha eit samarbeid på marknadssida, vi kunne ikkje sitje her på eit nes åleine. På den måten kan vi styre med det vi kan utan å måtte tilsette fleire folk. I staden kunne vi auke produksjonskapasiteten, seier Stave, som trur omsetnaden i år vil nå 30 millionar.

– Grunnen er høgare prisar både inn og ut. Eg seier som ein gammal fiskeskipper: «Overskotet ligg borti krokane her». Vi byggjer og byggjer varelager og passerer snart 20 millionar kroner, avslører Stave.

På lutefisk er Per Stave AS størst i Finland og Sverige der dei har høvesvis 50 og 40 prosent av marknaden. I Norge er marknadsdelen om lag 10–12 prosent.

– Vi produserer råstoff til 500 tonn lutefisk til Sverige og Finland. I år lagar vi om lag 250 tonn ferdig lutefisk til den norske marknaden.

Mottaket sin tørrfisk av hyse og sei går til Nigeria, medan om lag 10 millionar av omsetnaden kjem frå produksjon av hundefôr der produktet er kappa tørrfisk pakka i vakuum.

LEIKANGER: Det 3.500 kvadratmeter store bygget til Per Stave AS ligg karakteristisk i strandsona nedanfor slektsgarden på Stave utanfor Leikanger på veg mot Borgundvåg.

LEIKANGER: Det 3.500 kvadratmeter store bygget til Per Stave AS ligg karakteristisk i strandsona nedanfor slektsgarden på Stave utanfor Leikanger på veg mot Borgundvåg. Foto:

Rådgjevar og vaktmeister

Rune Stave eig 100 prosent av verksemda, og sjølv om han no står klar til å overlate den daglege drifta til neste generasjon, så vil eigarskiftet komme ved eit seinare høve. 57-åringen har i tillegg til sonen Peder også to døtrer.

– Det er betre at han får ta over medan verksemda har sunn drift og ting går bra, enn at vi ventar. Eg vil vere her slik at han kan rådføre seg om han treng det. Eg blir rådgjevar og vaktmeister, smiler Rune.

Peder Stave reiste til sjøs på fiskebåt då han var 15 år, og gjekk i land frå Godøy-båten Nesbakk i november i fjor. Han har også bakgrunn frå havbruksutdanninga ved Måløy vidaregåande skule, og ser no fram til etter kvart å overta ansvaret for familieverksemda på Stadlandet.

– Vi skal byggje kantine, garderobe og kontor som skal vere ferdig til jul. Prosjektet har eit budsjett på om lag ein million kroner. Elles har vi høveleg bygg slik situasjonen er no. Men marknaden kan endre seg frå dag til dag, så vi må følgje med og tilpasse oss, slår 21-åringen fast.

Artikkeltags