Einaste gjennom nålauget

AUST FOR OLJEBASEN: Slik kan Nekst sitt landanlegg  i Botnastranda blir sjåande. Det er lagt opp til bruk av stor grad av resirkulering av vatn og utstrekt bruk av grøn teknologi ved at alt avfall i produksjonen skal kunne nyttast til bioenergiproduksjon og liknande. Arkiv

AUST FOR OLJEBASEN: Slik kan Nekst sitt landanlegg i Botnastranda blir sjåande. Det er lagt opp til bruk av stor grad av resirkulering av vatn og utstrekt bruk av grøn teknologi ved at alt avfall i produksjonen skal kunne nyttast til bioenergiproduksjon og liknande. Arkiv

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Som einaste aktør i Sogn og Fjordane har Nekst førebels fått tilsagn om to utviklingskonsesjonar i sjø. Dei søkte om 16. –Uansett ser vi tildelinga som ei tillitserklæring.

DEL

Det seier Martin Ramsdal og Kjell Audun Aasen i Nekst. Selskapet lanserte for eit par år sidan også planar om eit gigantisk landanlegg rett aust for Fjord Base i Florø. Dei fekk konsesjon til satsinga på settefisk på oljebasen for lage stor supersmolt på opp til 2,7 kilo. Sjøfasen blir då redusert til seks månader og dei har søkt om utviklingskonsesjonar til konseptet Havliljen i sjøen. Prosjektet har så langt vore finansiert av eigenkapital og kjærkomne bidrag frå blant andre Innovasjon Norge.

Nekst planlegg å hente kapital frå to eksterne investorar og gjere ei trinnvis utbygging av gigant-anlegget aust på baseområdet i Florø. Arealet er allereie regulert i Florelandet Nord-planen og Flora kommune stiller seg også velvillige til å levere ferskvatn frå Flora vassverk. Investeringsråma er på tre milliard kroner. Men det blir truleg inga realisering utan å få på plass utviklingskonsesjonar i sjø.

STRI JOBB: Martin Ramsdal har jobba i tre år for å få godkjent industriplanane.  Arkiv

STRI JOBB: Martin Ramsdal har jobba i tre år for å få godkjent industriplanane. Arkiv

– Viss vedtaket på to konsesjonar blir ståande, står det som kunne ha blitt den største industrisatsinga i Sogn og Fjordane i fare. Nekst er positivt til at behandlinga held fram, og vi vil i dialog med direktoratet leite etter løysningar for å kunne realisere prosjektet i ei akseptabel form, varslar initiativtakarane Martin Ramsdal og Kjell Audun Aasen i Nekst.

Sjøkonsesjonane handlar om den delen av lakseproduksjonen som fører fram til slakteklar fisk, etter at fisken først blir avla fram til rundt 2,7 kilos vekt på land. Utan nok volum på den havbaserte delen av produksjonen, vil heile prosjektet stå i fare.

– Finn vi ikkje en akseptabel løysning med Fiskeridirektoratet, vil vedtaket påklagast, seier Kjell Audun Aasen frå Nekst.

HAVLILJEn: Merdane i anlegget skal kunne senkast ned i djupet for å unngå påslag av lakselus. Arkiv

HAVLILJEn: Merdane i anlegget skal kunne senkast ned i djupet for å unngå påslag av lakselus. Arkiv

Fiskeridirektoratet har fått inn 104 søknader om utviklingskonsesjonar, som i produsjonsvolum tilsvarte 898 vanlege laksekonsesjonar. I sommar var status at dei hadde 58 inne til handsaming, medan 32 hadde fått avslag.

Dei 16 utviklingsløyva som Nekst har søkt om ville utgjere ein produksjon på 12480 tonn laks, noko som kan gjere Nekst til ein storaktør innan lakseoppdrett i fylket. Omsetninga vil kunne ligge på 6-700 millionar kroner årleg. Driftsopplegget legg opp til å veksle mellom to forskjellige lokalitetar med fire store havmerder og ein havgåande serviceplattform. Teknologien er utvikla av det vel renommerte Marine Construction (MC) i samarbeid med mellom andre ABB.

Under tvil om konseptet kan definerast inn under ordninga utviklingsløyve, har Fiskeridirektoratet godkjent to konsesjonar. Det vil gje ein produksjon på berre 1500 tonn, men direktoratet sine folk meiner det er nok til å få teste konseptet.

Nekst på si side argumenterer med at to konsesjonar gir for lite volum til at investorane vil gje klarsignal til satsinga i Florø. Nekst viser til at investorar ventar seg kring 10 prosent avkastning på kapitalen. Dei meiner at konseptet må testast i full skala. 1500 tonn vil kunne fylle ei av dei fire havmerdene og då vil ein ikkje kunne ha noko samanlikningsgrunnlag.

Men direktoratet på si side meiner at test i ei eining er nok til å teste korleis opplegget kan fungere.

Men siste ord er ikkje sagt i denne saka. Fiskeridirektoratet har gitt andre søkarar langt fleire. Nordlaks fekk heile 21 utviklingskonsesjonar.

Den kommersielle verdien av ein ordinær konsesjon er for tida på kring 140 millionar kroner.

Artikkeltags