Bygger storanlegg i Svelgen

SLIK KAN DET BLI: Storanlegget vil vere lukka rundt produksjonsaktiviteten på land.  RENSEFISK: Steinvik vil produsere enno fleire rognkjeks.  NØGD: Alex Vassbotten er nøgd med at byggesteg ein snart er i gang. BREVIKA: Her ser vi planområda som må regulerast. PROSJEKTLEIAR: Bjarte Steinhovden er Steinvik sin mann under bygginga i Svelgen.Her orienterer han formannskapet.  Alle foto: Firdaposten

SLIK KAN DET BLI: Storanlegget vil vere lukka rundt produksjonsaktiviteten på land. RENSEFISK: Steinvik vil produsere enno fleire rognkjeks. NØGD: Alex Vassbotten er nøgd med at byggesteg ein snart er i gang. BREVIKA: Her ser vi planområda som må regulerast. PROSJEKTLEIAR: Bjarte Steinhovden er Steinvik sin mann under bygginga i Svelgen.Her orienterer han formannskapet. Alle foto: Firdaposten

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

SVELGEN: Vegen fram til realisering av Steinvik sitt storanlegg i Svelgen har vore lang og kronglete, men no er det endeleg klart for første byggesteg.

DEL

Flora-selskapet Steinvik Fiskefarm si satsing i Svelgen går heilt tilbake til 2011, då dei kjøpte to konkursråka anlegg for marin fisk i Breivika. Dei lanserte då planane om i tillegg til satsing på rensefisk også å satse på eit stort postsmolt-anlegg for laks. Grunnleggande innsatsfaktorar var tilgang på varmt vatn frå Elkem og vasskjelda i Risevatnet.

I 2018 søker Steinvik gjennom Breivika Eigedom no endeleg om å reise bygningane til det nye store fiskeanlegget i Breivika. Vegen fram har vore lang og kronglete. Planane måtte leggast om fordi fylling i sjø viste seg å vere meir omfattande enn tenkt, naboar protesterer mot støy og tap av verdi på eigdommar, nye reguleringsplanar måtte gjennomførast frå kommunen si side. Dessutan gjekk underentreprenør Maskin En3prenør1 gjekk på ein smell og enda i skifteretten midt i anleggsperioden. Eit mogleg neste byggesteg inneber at småbåthamna må flyttast frå Breivika. Korleis det kan gjerat må kommunen avklare i revidert arealplan.

Første byggesteg har blitt møtt med berre positive reaksjonar i lokal-samfunnet.

Alex Vassbotten

Steinvik legg opp til å redusere innslaget av industristøy mest mogleg for private bustader i Breivika .

– At oppdrettskar blir innebygde må sjåast på som ein betydeleg fordel for det omkringliggande nabolaget, opplyser Sindre Moldskred, som står for administreringa av søknaden.

Han viser også til at naboane i bakkant i sør vil ha siktlinjer som ligg høgare enn gesimshøgda på industribygget.

– Desse vil ha full utsikt til landskapet og ikkje få noko endring i sol og lysforhold, påpeikar Moldskred. Naboane lenger mot aust- vil tape ein del utsikt mot vest.

Området i Breivika i Svelgen starta med to reguleringsplanar.

Området i Breivika i Svelgen starta med to reguleringsplanar.

Anlegget skal i første omgang produsere smolt på 300 gram og ein skal kunne doble produksjonen av rognkjeks frå 2,5 til fem millionar per år. Kontraktsbeløpet på sjølve anlegget er på 190 millionar kroner, men ein rekner med totale investeringar på 240 millionar.

– Anlegget skal vere både ei forlenging av eksisterande rensefiskanlegg, medan den andre delen blir påvekstanlegg til stor laksesmolt, seier Alex Vassbotten. Alle kara i gjennomstrøymingsanlegget vil ha tilgang på både ferskvatn og sjøvatn og vere utstyrt med dobbelt sett med røyr. Det er Artec Aqua står for ingeniørarbeid og tekniske løysingar.

ROGNKJEKS: Rognkjeks-produksjonen i Breivik er godt i gjenge.

ROGNKJEKS: Rognkjeks-produksjonen i Breivik er godt i gjenge.

Artikkeltags